Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Rasmus Stauri (1867-1932)

Rasmus Stauris foreldre, Eirik og Sigrid Stauri. Han vart fødd på bruk nr 3 Utigard i Stryn 3.3.1967. Foreldra var Eirik Stauri (1825-1903) og Sigrid (Siri) f. Valaaker frå Utvik (1827-1909). Ho gav ut Vævebog. Kortfattet praktisk veiledninng i 70 forskjellige nyttige og smukke vævninger i 1890. Som ung gjekk han kveldsskule hos presten Juul i Stryn, og han var ein vinter i Aurland på Juuls privatskule. I åra 1886-1888 gjekk han på Stord seminar. Dei neste ti åra var han lærar i barneskulen, i Skodje på Sunnmøre og i Idd ved Halden før han vart beden av Viggo Ullmann om å koma til folkehøgskulen i Seljord, der han arbeidde i fire år frå 1898 til 1902. Ullmann vart amtmann, og Stauri slutta i 1902 for å starte sin eigen folkehøgskule på garden Vik i Kvam. Han dreiv der i 13 år fram til 1915 da han flytte skulen, Gudbrandsdalens Folkehøgskule, til den historiske garden Hundorp i Sør-Fron.

Rasmus Stauri i Ålesund 1894. Han var aktiv som foredragshaldar i alle år, folkeopplysar, nasjonsbyggjar og forfattar. Forfattarskapen var særleg knytt til folkehøgskulerørsla, Grundtvig og pedagogikk, men han gav også ut fleire grammatikkar for folkeskulen og jubileumsskrift for skulen sin. Saman med Mats Berg gav han ut Songbok for norsk ungdom (1923). Gjennom forfattarskapen sin ville han fremja kunnskap og demokratiske verdiar, i samsvar med ideal i folkehøgskulen han hadde vigd livet sitt til. Vekt på historie og litteratur var viktig for han, og han var grundtvigianar med sterk tru på det levande ordet på vegen mot opplysning og framsteg. Ivar Kleiven skreiv i bygdeboka Fronsbygdin (1930) at han hadde vore «ein god mann for Gudbrandsdalen».