Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Sigrid Undset (1882–1949)
Ho kunne koma til Hundorp etter invitasjon og vart godvener med Lise og Rasmus Stauri. Da krigen braut ut 9. april, laut ho rømme frå Lillehammer, og kom til folkehøgskulen saman med den gode venen prof. Fredrik Paasche. Tyskarane var ute etter han og henne. Det er fortalt da avskjedstunda var komen for å reise nordover dalen, stod dei ute på gardsplassen på Hundorp. Sigrid Undset var kledd i svart, og sorga og alvoret var stort. Ho visste vel kva som stod framfor alle, men måtte finne eit positivt poeng likevel. Der stod dei så alle, Lise, Are, Fredrik Paasche og nokre andre, mellom anna Stina Paasche. Da er det Sigrid Undset tek av seg hatten der det var festa nokre fjør på som dekorasjon. Ho seier i det ho riv av fjøra og deler ut ei fjør til dei som står rundt: «Faen ta de tyskerne, se her, ta denne som et minne. Vi møtes efter krigen!» Rett etterpå løfta ho dei hendene som i bøn mot himmelen og sa: «Gud bevare fedrelandet!» Da folket på folkehøgskulen kom inn att etter at dei hadde reist, oppdaga dei eit lite raudt flagg festa til den store spegelen ute i gangen. Det var tvillaust Sigrid Undset som hadde plassert det der.
I betre humør
Dei gongene ho kom til folkehøgskulen, var det ikkje minst for å få kvile og ro og unngå presse og besøk på Bjerkebæk. Ein gong ho kom sa ho til Lise Stauri, som ho kjende så vel. «Lise, jeg er i forferdelig dårlig humør!» Da var det Lise svara med sin store menneskekunnskap, sitt stavangerske blide lynne og gode teft for situasjonen. «Gå opp og legg deg, Sigrid, så laver jeg kakao imens.» Den store forfattaren gjekk opp og la seg attpå, og kom ned etter eit par timar. «Nu er det hele lettet.» «Godt, da drikker vi kakaoen,» sa Lise.
Dalsegstuen blir kjøpt
Da ho flytta til Lillehammer og Bjerkebæk, laut ho ha fleire hus på tomta. Skulestyraren på Hundorp var god å ty til, og han var med henne rundt for å sjå på eldre Gudbrandsdalshus. På Dalseg i Sør-Fron vart det spørsmål om kjøp, og Rasmus baud seg til å gå inn for å forhandle om prisen. «Eg kjenner folket her,» sa han. Men nei, det gjekk ikkje! «Jeg går inn selv», var svaret. Det vart da slik, og etter ei stund kom ho ut att, strålande fornøgd med handelen. «Kor mykje måtte du betale?» Ho sa prisen. «Alt for mykje,» sa stryningen. «Det er det samme, jeg kan betale,» svara Sigrid Undset. «Dalsegstuen» står i dag på Bjerkebæk, og er den sørlegaste av husa der. Det vart stasstue med arbeidsrom ved sida av.