Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Gudbrandsdalens Folkehøgskule
– eit danningsprosjekt gjennom 85 år. (III)

Danning i pionertida

Den siste boka han gav ut, Fire folkelærarar i 1930, er skrive som ei forteljing om fire folkehøgskulepersonlegdomar. Han har sjølv følgt desse fire gjennom fleire år. Han skriv om engasjementet deira i folkehøgskulen, om særtrekket som formidlarar, alle med forskjellig sterke og svake sider, men aller mest om deira idealistiske grunnhaldning til livet. Han har nå sjølv eit livsverk som folkehøgskulelærer og styrar bak seg.

Viggo Ullmann ”At menn med framføringstalent som Arvesen og Ullmann berre fortalde, er lett å skyna. Det kunde liggja nærare for Bruun å eksaminera, samtala, i det heile koma med spursmål. Det fylgde ofte noko sokratisk med honom.”(Stauri, 1930:22).

Og om den fjorde, nemleg Anker, skriv han blant anna dette:

Det var ikkje alltid at dei best utarbeidde foredraga gjorde sterkaste verknaden. Sume tider måtte han taka timar utanom det vanlege, byta um med ein annan lærar t.d. Men desse foredraga, som han ikkje var sers fyrebudd til, lika elevane best. Til kvardags bruka han gjerne ei gamal brun fløyelsjakke, når han ikkje skulde i skulesalen. Til slike ekstratimar kom han i denne jakka, og då sa elevane til kvarandre: ”No har han den brune på, no fær vi høyra noko framifrå godt.” (1930:23).

Av desse ”folkelærarane” sette han nok Bruun høgast. Bruun, Anker og Arvesen var alle teologar, Ullmann filolog. ”Menn som desse fire vert vanleg kalla folkelærarar”, skriv Stauri. Ein folkelærer hadde eit kall, ei evne til å fremje folkedanning, og danning oppstod ”i det indre sjælelivet”, der ”skilnaden mellom lærd og ulærd kverv burt”.

Det er ikkje lærdom i vanleg meining som er det viktigaste, når det gjeld folket. Lærdom og daning er ikkje utan vidare det same. (…)I viktige og vanskelege tider og tilfelle vil alltid verka med – ofte vera det avgjerande – noko som har sitt upphav i det indre sjælelivet der skilnaden millom lærd og ulærd kverv burt, og det sams menneskelege står att. Ein folkelærar som vil skapa eit lukkeleg kultursamfund for alle, må alltid rekne med dette. Ein svensk forfattar brukar i denne samanheng ordet ”ljusmän”. – Det er kanskje det mest råkande namnet. Desse fire var ljosmenn, som førde ljos og varme med seg i ei myrk og kald tid.” (s. 127).

Eit døme på kva han legg i danning gir Stauri i boka si der han igjen siterer Bruun:

Fra nogle av de sterkest bevegede dage jeg har opplevet tog jeg med mig et alvorlig spørgsmål for mit senere liv. – Det lød så: Hvem står høiest, enten disse materialistiske bønder, som vore dannede kalder dem, disse bønder som aldrig har vært grebne af dem,- eller vore dannede, som kjender ideene, som har vært grebne af dem,som stadig hylder dem, men som svigter dem når det gjelder? (…) Det som jeg i hemmelighed for mig selv kaldte lykke, det afhang af det om det skulde gå an for mig at nå dette ene: At være tro. (Stauri 1930:67).

Han hadde større krav til danning enn store ord og manerer. Professor Fredrik Paasche (1882-1943), spurde han ein gong på 1920-talet om han ikkje gruvde seg framfor eit nytt skuleåret. Stauri svara slik: «Nei, det er jo min livsgjerning!»

Plan for skulen og formålet

Motto for Gudbrandsdalens Folkehøgskule.Skulen er ein ålmen-danande skule for vaksen ungdom og byggjer si undervisning på folkeskulen og har til fyremål å vekkje og utvikle eit kristeleg og folkeleg åndsliv, gje dei unge gode og nyttige kunnskaper, so dei kan fylle sitt rom i livet som gode og oplyste samfundsborgarar både i stat og kyrkje.

Slik såg formålet for skulen ut frå starten. Skulens oppgåve var formulert identisk med denne også i epoken 1932-1948 og på 50-tallet, halve den tredje epoken.

Bygdekultur

I 25-årsmeldinga for skulen står det ein artikkel, ”Bygdekultur” av Oluf Steinum som sier noko om begrepet bygdekultur som ein viktig del av kulturarven.

I et land som vårt med avstengte bygder og litet samkvem mellem de enkelte distrikter vil der vokse frem en stedegen og særpreget kulturform. Den er summen av iakttagelser og erfaringer, av sed og skikk, av uskrevne lover for takt og tone i fest og arbeide, i helg og yrkje. Den er skapt av folket selv, vokset frem av bygdens grobunn, har tatt form og farve av bygdefolkets karakter og naturutfoldelsenes egenart. (…) Den er arven fra de eldre til de unge. Mangt er dårlig, mangt er eller kan synes verdiløst eller likegyldig, men mangt er rikt på lødig arvegull. (1927 Stauri:22).