Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Grundtvigianismen

Nikolai Fredrik Severin Grundtvig (1783-1872)

Nicolai Fredrik Severin Grundtvig Den danske presten og diktaren hadde idéen til folkehøgskulen i Norden.

  • «Menneske først og kristen så»
  • den glade kristendom
  • «Sindets Munterhed»
  • folkeleg danning utan lekser og eksamen
  • det levande ord mot latinskulens kaldklokskap og åndsfiendskap
  • historie, litteratur, det nasjonale, det nordiske og «megen Sang»

er sentrale idear i Grundtvigs pedagogiske syn. Grundtvig ville skape ein skule for livet. «Folkelig Dannelse og praktisk Duelighed» er Grundtvigs ord. Han ville gjenreise dansk-nordisk ånd mot den tysk-latinske ånd, og undervisningsmetoden var frå den døde bokstav til det levande Ord.

Bakgrunnen

  • nasjonalkjensle
  • bondereising og sosial radikalisme frå 1830-åra
  • front mot embetsmannskulturen

Folkehøgskulen slo rot i Norden, og den fyrste skulen i Norge, Sagatun, vart grunnlagt ved Hamar i 1864. Folkehøgskulane hadde stor framgang i Norge dei fyrste åra. I 1874 hadde ein over 20 slike skular. Fleire fekk kort levetid. Som konservativ motvekt vart statlege amtskular oppretta frå 1872 og kristelege ungdomsskular frå 1893. Folkehøgskulane fekk ikkje statstøtte før i 1908, men fekk mykje å seia for nasjonsbygginga, ungdomsarbeid, målsaka og landsens ungdom på 1800-talet og framover.