Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Gudbrandsdalens Folkehøgskule
– eit danningsprosjekt gjennom 85 år. (VI)
Lise Stauri: 1932-1948 Høgskulemor – ”å vokte den hellige ild”
”Til Ungdommen!”
Da enkja etter skulestyrar Stauri overtok leiinga av Gudbrandsdalens folkehøgskule, hadde ho fleire tiårs erfaring som lærar i folkehøgskulen og som høgskulemenneske i familie, skule og samfunn. Ho vart den fyrste kvinnelege folkehøgskulestyraren i Norden. Før ho døydde i 1949, skreiv ho ein artikkel i Norske gardsbruk, Oppland fylke bind 2, om ungdomen, der ho i kjærleik til ungdomen og ungdomstida skreiv:
I vår tid har mange så lett for å smile når talen kjem inn på dette med ideal. Det var berre i gamle dagar at ungdommen hadde tid til slikt, meiner dei. Nei, det er ikkje sant dette at dei unge ikkje har ideal. Stakkars den ungdomen som ikkje har ungdomsdraumen, - det blir tomt utan den”. (Stauri 1953:122)
Ho fortel om ein som hadde skrive eit brev til henne om korleis det var å vera ung for 50-60 år sidan i ei Gudbrandsdalsbygd. Han skreiv i brevet:
Det var ei lei tid for oss. Dei eldre tok liksom ikkje noko omsyn til oss – til våre ynskje og meiningar. Men den god arven frå heimen i sed og skikk og tru fekk vi med oss, og djupast sett så er det nok denne arven som held oss oppe. Det djupe alvoret frå Hauge-rørsla låg inne i oss og bremsa når det stundom heldt på å gå utfor vegen. (1953:123)
Ho skriv vidare om dei utfordringane som krigen førte med seg. Ungdommen måtte leve farleg. Men ei moralsk atterreisning var desto meir nødvendig, meinte ho.
Det var med stor spaning vi tok imot elevar etter krigen. Mange av dei hadde levd fårleg, modig. Det var i glad undring vi fann ut at mest alle hadde berga seg fint. Det er heimen som fyrst og fremst skal ha takken og æra for at det gjekk så godt med ungdomen vår under krigen.(1953:124)
Lise Stauri (f. Høie, 6.1.1882), skulle sterkt kome til representere folkehøgskuleideologien. Ein måte å gjera dette på var å halde fram kor viktig heimen var. Foredraga og talane hennar ber preg av desse ideane, og ikkje minst gjennom engasjementet ho hadde i husmorsaka. Ho tok initiativ til å stifte Gudbrandsdalens Husmorforbund i 1929 og var primus motor i skipinga av fleire lokallag i dalen.
Ho kom som kvinne nær innpå elevane, som ofte var frå ulike dølabygder, ikkje minst fordi ho hadde uvanlege kontaktskapande evner. Ho fungerte som ekteskapsrådgivar for fleire, og ho gav livmot til mange ektepar til å halde fram samlivet til beste for dei sjølve og ungane. Det er i ettertid fortald at mange gjekk gråtande ut frå ein samtale med henne. I ein Konfirmanttale ved konfirmantfesten i 1944, kjem ho med dette bildet på kva livsoppgåvene til ein ungdom kan vera, og særleg ei ung kvinne:
Fra gammel tid vet vi at det var kvinnene som voktet ilden på grue og peis. Om kvelden grev de glorne langt inn i oska og grov den frem om morgen, la ved på, så det bli en brendende flamme, som lyste og varmte. Det var å vokte den hellige ild. Enhver kvinne skal være med å vokte den hellige ild ikke bare bokstavelig, men åndelig og sette sit stempel på heimen.
Da ho tok over som styrar i 1932, hadde ho erfaring frå grunnlegginga av Gudbrandsdalens Folkehøgskule i 1902 som lærer og som ”fru folkehøgskulestyrer”sidan 1907. Allereie som 18-åring trefte ho Rasmus da dei båe var ved Viggo Ullmanns folkehøgskole i Telemark i året 1900. Ho var utdanna lærar (seminarist) ved seminaret i Seljord hos Ullmann, og kontakten med Wilhelmine og Viggo Ullmann førte til at ho fekk tru på folkehøgskuletanken. I 1904 utdanna ho seg i tillegg ved Elverum Seminar. Ho hadde også Industriskole og gymnastikkskole. (sjå eiga side om Lise Stauri)
Wilhelmine Ullmann – ”Ei høgskolemor”
Lise Stauri hadde eit forbilde i Wilhelmine Ullmann, som ho vart kjent med på lærarskulen og folkehøgskulen i Seljord. I eit foredrag halde på Vonheim i 1925, fortel Lise Stauri om tida i Elverum, og om ”Ei høgskulemor”, nemleg Wilhelmine Ullmann. I barneåra hadde prestedaottera Wilhelmine fått lære både tysk og fransk utanom dei vanlege skolefaga, og som ung kvinne i hovudstaden fekk ho lære engelsk, noko ho seinare fekk bruk for i omsetjingsarbeid for ektemannen Wiggo Ullmann som var utdanna filolog, skriv Lise Stauri. Ho budde hos familien Ullmann i Seljord da ho gjekk seminaret der, og ho vart fascinert av fru Ullmann.
Hun hadde for sin tid usedvanlig gode skolekundskaper. I flere år hadde hun sang med elevene, samlet dem ofte til hyggelig samvær i sin stue til sang og lek. Hun var verdens kjærligste mor, og hennes morskjærlighet strakk seg også til elevene.(Foredrag på Vonheim, 1925)
Vidare fortel Lise Stauri om ein gong Ullmann på eit sommerstemne bad nokre ”lærerfolk”, nærare bestemt nokre av kvinnene, om å leggje vekk handarbeidet sitt. Det forstyrra han. Bak i salen satt fru Ullmann som straks sa, ”Var det meg du mente, Viggo?”. Så svara han vennleg ned til henne ”Nei, av dig tåler jeg alt.” ”Er det nogen som i vårt land fortjener det hædrende navn ”Høgskulemor og far,” så er det Viggo og Wilhelmine, aldrig krævende – altid givende ”, skriv ho i foredraget, som ho brukte ved fleire høve gjennom åra.
Ekteparet Ullmann slet ualminnelig”, skriv Lise Stauri i foredraget sitt, ”for å holde skolen i gang, men økonomien var så anstrengt at Ullmann da han fikk tilbud om amtmanns-stilling tok den, men med dyp sorg over å gi opp sin livsgjerning. Hun ble av sin sønn Halvdan spurt på det siste om hun angret sin skolegjerning. ”Nei, sa hun uten betenkning. Jeg har aldrig tænkt å angre. Jeg har kanskje hat savn og motgang, men derved ble gleden desto større. Jeg har hat den glede å ha de samme idealer som min elskede mann(…)”.
Lise Stauri fekk viktige erfaringar og livsimpulsar frå tida med Wilhelmine og Viggo Ullmann.
Formål, fag, timeplanar, lærarar og elevar
Lise Stauri følgde opp i den same ånda som hadde vore ved skulen i styrartida til mannen sin. Formålet var det same, nemleg å gi dei unge ei allmennutdanning ”so dei kan fylle sitt rom som gode og oplyste borgarar både i stat og kyrkje”.
Ho la også vekt på ordet. Velkomsttalen inneheldt normene for korleis eleven skulle oppføre seg. Talane hennar er farga av ei oppfordring, ei maning til å setja sin verdi og bruke liv for kva det er verdt. Elevene får høyre kor dyrbare dei er for foreldra sine, men også kor audmjuk skulen må vera i arbeidet med dei unge. Dei representerer foreldra, skriv Lise Stauri.
Utdraget under er delar av ein velkomstale frå 3. oktober 1933. Elevtalet dette skuleåret var heile 59, 38 jenter og 21 gutar.
Hva vil vi med dere? Lære dere å skjønne at man skal nytte sin ungdomstid! Ungdomstiden blir kalt livets vårtid. En dag om våren gjør minst 14 om høsten (…). Vi har noen ordensregler. Vi begynner kl 08.00 alle må da være på plass. Når læreren kommer reiser alle seg og hilser ”God morgen”. Alle er med til andakt. Guttene må ikke røke på gårdsplassen eller i skolen. Jentene går jeg ut fra aldri røker mens de er her. Når dere går på veien, gå stillferdig og fint, ikke skrål og latter, og ikke heng på butikken når du ikke har noe der å gjøre – alle legger merke til elevene våre, og vi vil at folk skal si det som er godt om dere alle. Far og mor har overlatt dere til oss denne vinteren, og vi har ansvaret for dere.
Folkehøgskolen skiller seg fra andre skoler ved det at vi bor sammen som i et hjem. (…) Det er et hjem vi vil ha. Om vi får dette til, kommer an på oss alle, Bruk tiden godt! (…). Vi har elevmøter lørdagskvelden, diskusjon, leik og opplesning, foredrag. Hvis dere vil noe, så kom bare. Vi er her for å hjelpe dere. Vær velkommen!
Protokollane viste at det var sjeldan behov for disiplinære tiltak, det var ikkje tema på lærermøter eller styremøte. Ein gong i ny og ne måtte eleven avslutte skulen, men da var det gjerne på grunn av alvorleg sjukdom. Skulekvardagen i hennar styringstid, slik det går fram frå timeplanar, vart brukt effektivt. Det var 40 timers undervisning i veka, og elevane hadde stille tid til fordjuping i faga om ettermiddagen/kvelden. Under Lise Stauris styrartid var det gjennomsnittleg over 50 elever i året. Det er ein markant nedgang i talet på elevar i etterkrigsåra. Fyrst etter 1955, lenge etter neste generasjons styrarpar har overteke, tek elevtalet til å auke att.
Ein timeplan frå 1936-37 viser fag- og timefordeling. Her kjem tydeleg dei praktiske faga fram. Kvar dag mellom kl 16.00 og kl 18.30 er det ”kjøkenparti” og ”håndarbeid” for jentene og ”skomakeri” fire kveldar i veka for gutane.
Kvar laurdag er det elevmøte frå kl 20.00-22.00, med små tablå, opplesing frå elevavisene og leik i gymnastikksalen. Det var tale om folkeviseleik, ikkje runddans.
Faga på formiddagen er dei samme som i Stauris tid, men nå heiter det også ”foredragsøving” og ”opplesing”, og ”kostlære” og ”handgjerning”. Ei lærestund heiter også ”bibeltime”. Lise Stauri underviste sjølv frå starten av i ”kv. Gymnastik, haandarbeid, og rekning eller norsk”, seinare meir i litteratur, norsk og rekning. Timeplanen har som i Stauris tid meir enn 40 timers veke. ”Snikkerlina” – eit praktisk tilbod for gutane kom i 1932, etter at ”snikkersalen”, eit tømmerhus frå Sigstad i Kvam vart flytt til Hundorp i 1929.
Seksualundervisning
Skulen hadde nå også faget ”sjælelære”. Ein hadde også lege og teolog knytt til skulen. Lise Stauri engasjerte seg likevel i temaet seksualitet i sine foredrag. Det kunne gå inn i litteraturundervisninga og som foredrag i folkeopplysningsærend. Målgruppa var både elevar og eit større publikum. Eitt foredrag har tittelen ”Kjære søstre (sykesøstre) og husmødre”. Eit anna foredrag som tek opp dette temaet er ”Olafia Johannsdottir. De ulykkeliges venn”. Dette handlet om det farlege seksuallivet som kunne ramme og føre til at kvinner vart ”løsaktige”. Her viser ho korleis sosiale forhold kunne føre til seksuell fornedring. Ho fører tilhørarane inn i ein tematikk som ikkje så mange snakka om. Stauri vil vise ei sosial og medmenneskeleg haldning, men ikkje minst kallet til Olafia Jahannsdottir, der ho ni år gammal, etter sjølv så vidt har overlevd sjukdom, erkjenner livsgjerninga si. Her er tema meir enn seksualitet: ”Hun reagerte heftig overfor enhver lidelse og i den lille barnesjelen brente et ønske om å kunne skaffe all lidelse avveien.” Ho fortel elevane at Olafia Johannsdotiir mellom anna stifta eit heim for ”løsaktige piker”, og at ”hun interesserte seg mye for kameratklubben, forening av fabrikarbeidersker og studenter”. Lise Stauri såg klart samanhengen mellom sosiale status og tilhøve og moral.
Cand. theol. Absalon Elias Holme og Eilif Nor var etter kvarandre tilsett frå 1938-1940, ”presten to timer om veka”, i ”bibeltime” og ”sjelelære”. Det var imidlertid distriktslegane som hadde helselæra, og her vart det også formidla kunnskap om seksualitet og samliv.
Utdannelse og yrke – ei viktig sak for alle kvinner
I eit intervju signert Anne-Johanne Loe Whist i 1948 seier Lise Stauri noko om dei unge jentene og kva ho vil med dei:
De er greie, og de skjønner at de må bli noe og lære noe. De er kolossalt interesserte i studiearbeid, i språk, husholdning og håndarbeid. Men om samfunnsspørsmål hadde jeg ventet større interesse, og politisk er de kanskje vel avhengige av mor og far. (…)
Jeg har veldig tro på kvinnen og på en kvinnetype som regner med å få bruk for alle sine evner og krefter, sier fru Stauri sterkt. Vi må forstå at vi er jevnbyrdige med mannen, og vi må samarbeide med ham, ikke stå isolert. Da vil vi kunne rette på mange ting. Og aldri må en ung pike gå bort å gifte seg uten utdannelse!
Kvinna skulle også stille krav
Da Lise Stauri tok over som styrar, let ho kvart kull bli fotografert og plassert saman med alle dei kvinnelege elevane rundt seg øvst på bildet. På neste rad er lærarane og dei tilsette og så dei mannlege elevane nedst.
Dette er gjort heilt konsekvent, viser billedarkivet som er nesten komplett. Ho kunne elles i foredraga sine ta for seg mange sider ved ekteskap og samliv for kvinner, der rolla som husmor og mor blir nøye understreka, men der ho også ber dei stille krav til den mannen dei har funne seg. Eit døme på dette er foredraget hennar etter åtte vekers ”gjentekurs” ein gong på 1940-talet, der ho seier til jentene: ”Sett krav til han Ola eller Per – hva han så kommer til å hete: Få innlagt vann først, så kommer jeg!”
Vener av skolen
Ho tok over ein skule som ho i høgste grad hadde vore med på å byggje opp og konsolidert i løpet av snart 30 år trass med vekslande elevtilgang, men ho tok også over ein skule som hadde etablert seg og lagt bak seg dei vanskelegaste pioneråra. Ho var god til å ha venskap med mange som kunne hjelpe til i skuledrifta. Dette hadde skulen glede av i alle år, og det førte skulen gjennom mange utfordringar, ikkje minst ved elevtilgang. Særleg etter krigen var det vanskelig å få elevar, og vedlikehald og fornying av materielle ressursar hadde vore forsømt i krigsåra, særleg frå 1943 til krigen var over.
Dei nordiske kursa klarte ho også å halde levande. Ho sa følgjande i ei velkomsttale til kurset 19.-31.7.1935:
Rasmus Stauri døde for 3 år siden; men det var hans ønske at jeg måtte fortsette disse kurser, og med mine kjære og trofaste venners hjelp kan vi i år åpne det 26. stevne.
Dagbøkene hennar vitnar om stor aktivitet, både i form av gjester, kurs, samlingar, foredragskveldar, der temaet som regel er litteratur og glimt frå historia. Det vart nok sjeldan noko særleg privatliv. Her følgjer nokre utdrag frå dagbøkene som vart ført nesten dagleg. Det var eit hektisk skuleliv.
26/11-1934- Prof. Paasche kom. Gulvåg. Holdt 5 foredrag.
15. desember 1935 Professor Paasche holdt fire foredrag
Skuleåret 36-37 Begynte 1 oktober med 56 elever
Elevfest 21 palmesøndag Foredrag av fru Ingeborg Møller, skoleinspektør Horven. Skuespill Petter og Inger.(…) Graut og spekemat.
23-3 Fru Rasmussen, Horven, Ingeborg Møller, svensk prest, fru Michelet (Norsk Husmorforbund, min kommentar)
1938-39 Begynte skolen 4. Oktober 65 elever. Av talere Dr. Falch, Gundersen, Paasche, Tilla Hvalstad, teol. Kvarme, ungdomsprest Hol, Skåre, fru Rasmussen
1940-41:
Elevene kom 7. Oktober
Begynte skulen kl 10, 8. Oktober
Frammødt 58. Kommer i dag og nermest drar de andre. 60-61
10 kjøkkenelever, 11 snikkere,12 skomakere.
Strålende sol. – Faste Forfang og Are Stauri nye.
Ellers de andre lærerne, Sveipe, Falkenhaug.
-----------”---------lærerinner Jensen, Nås
Presten to timer om veka. –
Alle blir undersøkt av doktoren.9-10 2 gutter kom i natt.
Andakt John 15. Vær i min kjærlig.
Rasmussens kom fra Børkdalen. Husmormøte.
10-10 Holdt foredrag om Hundorp Fru Rasmussen leste
11-10 Matheus 1.23 vers osv. Strålende vær. Tur i morgen
13-10 Tur til ovenfor Tofte. Middag 4.-
14-10 Boksaoga med kjøkkenpartiet, foredragsøving. Forfang. Romerbrevet Johannes 15 kapittel. Som faderen har elska meg.
15-10 Besøk av Lars Skåre. Gjorde istand budgett, timetal, årsmelding og skriv til Kirkedepartemenetet gjennom Moen.
16-10 Mattheus 7 kapittel Be så skal I få osv.
(…).
19-10 Kom fru Eng. Lå selv til sengs med foten
(…)
21-10 Alle vi lærere og fru Eng var til fisk og suppe om kvelden
24-10 Reidars fødselsdag 8 år Var der oppe Are Liv begge barna og jeg. Hyggelig.
1-11 Allehelgens søndag. Begravelse av Bj. Lien. (falt i kampene mot tyskerne i Sør-Fron, min kommentar) La ned krans fra skolen.
(…)
Juleferie tok vi 18 desember Vi tok til først 21 januar. Den ble forlenget grunnet klausjuken. 1 ny elev, Polmar Snippen. Astrid Skogvang måtte slutte og kom ikke tilbake etter jul. Syk.
Jo, det var nok av gjeremål for en kvinnelig folkehøgskulestyrar også! Lise Stauri fekk eit varmt ettermæle og vart hugsa for sin klokskap og generøsitet. Ho førte eit stort hus og hadde stor respekt for elevane og folk ho møtte.