Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Gudbrandsdalens Folkehøgskule
– eit danningsprosjekt gjennom 85 år. (II)

Rasmus Stauri: 1902-1932 Pionertid – ord som kan «vække, gløde og forandre personlighedslivet»

Vi har valt å sjå Stauris liv og gjerning i samanheng. Her er liv og skulegjerning eitt. Pedagogisk arbeid og forfattarskap er to sider av same sak med eit overordna mål: å gi norsk ungdom eit livsinnhald og på den andre sida å byggje landet ved å gi dei den reiskapen som måtte til for å kunne ta del i det moderne demokratiet som etter kvart skulle vekse fram.

Den skulen han grunnla i 1902 – Gudbrandsdalens Folkehøgskule – fekk tre hovudliner

  • Den lokale, ved å vera open mot lokalsamfunnet
  • Den nasjonale, ved å bruke framståande kunstnarar og foredragshaldarar
  • Den nordiske, gjennom dei mange pedagogiske sommarkursa i åra 1908-1968 med mottoet: «kjennskap og vennskap i Norden».

Opptakt

Dei som hadde grunnlagt dei to første folkehøgskulane i landet, måtte gi opp på 1890-talet. Sagatun på Hamar vart nedlagt i 1892, og Vonheim i Gausdal i 1896. Men mot slutten av år 1900 var det som om det vart lettare.

Men i tida ikr.1900 tok det til aa snu paa seg; grunnen var vel fyrst og fremst at det livssyn folkehøgskulane hadde bygd paa hadde vunne meir makt i folket. Difor vart folkehøgskulane no etter kvart godtekne av fylka, og fekk fylkes- og statstilskot paa like fot med fylkesskulane, og det vart bruk for fleire skular (Forfang, 1933).

Året er 1933, og det eksisterer nå 30 frilynte folkehøgskular i landet. Nye folkehøgskular vart grunnlagt, og dei som hadde gått med tankar og draumar om å hjelpe til, fekk mot. Alt i 1898 fekk Stauri eit brev frå stortingsmann Vassbotn om å stifte folkehøgskule på Sunnmøre. (sjå eiga side om oppstarten)

Brevsamlinga etter skuledrifta syner at fleire ville ha ein skule til sitt distrikt. Ved sida av Vassbotn, ivra Sven Moren for ein ny skule på det indre Austlandet. Stauri kjende seg i følgje notat ”uferdig” til ei slik oppgåve. Men inspirasjonen frå Bruuns pionerarbeid på Vonheim i Gausdal, gav påskuven og motet.

Gudbrandsdalen er eit pionerdalføre for folkeopplysning og folkehøgskuledrift i landet. Dette gjorde utslaget. Stauri kjente Bruun godt etter fleire besøk og kurs på Vonheim på 1890-talet. Han hadde vorte glad i tankane om ”nasjonalitetens og folkefrihedens store tanker”.

Desse tankene stod sterkt blant bondeungdomen på seminara i 1880-90 åra. Det vart til slutt berre å ta det store spranget. Det måtte bli Gudbrandsdalen og på den måten eit framhald av Bruun-skulen på Romundgard i Sel og Vonheim i Gausdal. (Stauri d.y. 2002:183-191).

Christopher Bruun. (Foto: Josephine Grundseth, Lillehammer)Stauri skriv i 25-årsmeldinga for skulen sin:

Då eg tok til med skulen her, var det med ynskje og von om å vera med i arbeidet for dei tankar Bruun har bore fram i «Folkelege grundtanker”. At skulen har fått den studnad og hjelp som var nødvendig i desse åra, er i fyrste rekke Vonheim å takke, – dei menn som der gjekk føre og brøytte vegen. Ein stor del av dei elevane som har søkt skulen her, er born og borneborn av dei som i si tid gjekk på Vonheim. Eg gløymer aldri kor det lyste opp i det fine, litt trøytte andletet til Chr. Bruun, siste gongen eg tala med honom, helste frå gamle Vonheimselevar og fortalde dette (Stauri 1927: 9).

To barndomsvener frå Stryn i Nordfjord samarbeider

Da skulen i Kvam starta i 1902, var det til saman tolv folkehøgskular i landet. På Kvam budde Jon Sætre, kyrkjesongar og barndomsven frå Stryn. Desse to hadde ein omfattande korrespondanse før avgjerda om ein ny folkehøgsskule i Gudbrandsdalen vart teken.

Både Sven Moren, som var formann i Noregs Ungdomslag, redaktør i avisa Gudbrandsdølen, Johan Filseth, og kyrkjesongar Sætre rådde Stauri til å begynne i Gudbrandsdalen. Ein meinte at dalen hadde lyse minne frå folkehøgskulen, men at det som over alt elles ville by på økonomiske problem. Stauri var godt kjent med akkurat det, men han ville ta ei avgjord han kunne vera tilfreds med på lang sikt.

”Du agiterer og jeg arbeider,” skreiv Stauri til Sætre vinteren 1901-02. Søndag 12. oktober 1902 var sjølve opningsdagen, og måndag den 13. oktober kunne skulen ta til i leigde hus på garden Vik, der bonden Anton Killi frå Kvikne i Nord-Fron dreiv (Stauri d.y. 2002:183-191).

”Eg vilde straks bli folkehøgskulelærar”

Rasmus Stauri var allereie i 1886 bestemt på å vie seg til folkehøgskulen. Han hadde tidleg kome i kontakt med ”folkelærarane ”, Anker, Arvesen, Bruun og Ullmann anten gjennom å lese bøkene deira, (han skreiv også seinere ei bok om dei, Fire folkelærarar, 1930), og helst drive skulearbeidet sjølv. Han vart for alvor overbevist om folkehøgskuletanken da han las Folkelege Grundtanker av Christopher Bruun. ”Eg gløymer aldri den dagen da eg fekk tak i Folkelege Grundtanker av ein kamerat på lærarskulen, eller den tid eg var på Vonheim og høyrde Chr. Bruun og dei andre Vonheimslærarane. Eg vilde straks bli folkehøgskulelærar” (Stauri1927: 6).

Frå gardgut til folkehøgskuleideolog

Rasmus Stauri vart født 3. mars 1867. Foreldra var Eirik Stauri (1825-1903) og Sigrid f. Valåker (1827-1909). Ho er kjent for vevboka si, den fyrste i sitt slag her i landet. (1890) ”Fekk skøyte på farsgarden min i 1904, er soleis odelsbonde, men ingen god gardbrukar. Aaleine gut heime, og soleis gardgut,” skriv han i ei av dagbøkene sine. Han hadde elles to søstrer, den eine, Anne, vart buande på garden.

Rasmus Stauri viste tidleg sterk interesse for det boklege, og han fekk gå to vintrar hos presten Eilert P.Juul i Stryn i 1885-86. Deretter kom han til lærarseminaret på Stord, ”Stordøens Skolelærer-seminarium” i åra 1886-88.

Rasmus Stauri, 1925 (Foto fra Rasmus Stauris arkiv)Etter å ha lese Bruuns Folkelige Grundtanker på Stord, reiste han til Vonheim på eit lærarkurs ein sommar tidleg på 90-talet. Han ville møte Bruun på Vonheim i Gausdal.

Bruun gjorde sterkt inntrykk på Stauri. Frå dette sommarkurset fortel Stauri eit minne som seier noko om forholdet mellom Bruun og Bjørnson, men ikkje minst om personlegdomen Bruun. Dei som gjekk på sommarkurset fekk lyst til å høyre Bjørnson tale på Vonheim. Stauri og to andre vende seg til Bjørnson om dette:

Jo, mine kjære unge venner, det vil jeg så gjærne. – Men har I talt til Bruun om dette?” Nei, det hadde de ikke. ”Vi hadde gått ut i frå at det var tidsnok å spyrja Bruun når det var greidt med Bjørnson.” ”Ja, ja, spør Bruun, og gi meg så beskjed om svaret,” sa Bjørnson. Det kom rent uventa på dem da de henvendte seg til Bruun og han sa nei.”Jeg undrer meg ikke det minste over at I ønsker å høre ham. Han er jo landets største poetiske kraft, og på det området vår største mann. Men her skal han ikke komme, så lenge jeg har noe å si over Vonheim.”

”Jeg tenkte det nok, var det einaste Bjørnson sa, da dei fortalde han det. (Stauri 1930:96).

Bruun aksepterte ikkje Bjørnsons syn i målsaka. Det som låg bakom, var ei usemje om eit enda større spørsmål for Bruun, det religiøse.

Etter seminaret på Stord, gjekk Stauri inn til lærargjerninga i heimbygda Stryn med berre fire elevar frå hausten 1888. Men etter nokre år braut han opp og vegen gjekk til Sunnmøre. Han fekk fast lærarstilling i Skodje i 1890 og vart verande der til 1894.

Det finst i papira på Hundorp ein sluttattest frå lærartida i Skodje, ein attest som Stauri ifølgje protokollen av 24.5.1983, punkt 10, hadde bede om.

Skulestyret var enige om å gi han

(…)det beste vitnesbyrd i alle henseender som lærer. Særlig finner man at kunde fremheve, at hr. Stauri har mer end alminnelig god evne til at lære børnene at fortælle, ligesom han i det hele har meget godt greb paa at behandle undervisningsstoffet og at legge det til rette for børnene paa en for deres standpunkt passende maate. Naar hertil kommer at han har særdeles gode kundskaber, meget godt lag til at omgaaes børn paa en paa samme måde alvorlig og venlig maate, saa at det falder ham let at holde disciplin og at vinde børnenes kjærlighed, tror skolestyret trygt at kunde anbefale han til ansættelse i hvilken som helst post i folkeskolens tjeneste. Forunden den almindelige skole har han ogsaa i 2 aar holdt fortsettelsesskole paa forskjellige steder i skolekommunen. Til denne gjerning har han vist sig at være særdeles godt skikket, og baade hans elever og de unge foreldre og foresatte har alltid vist sig at være glade i skolen og vel tilfredse med udbyttet af samme. Hans moralske forhold været meget godt. (Stauri d.y. 2001:53).

Desse vakre orda frå skulestyret med presten som formann, er underteikna av alle medlemmene. Slike ord er gode på karrierevegen. Han søkjer seg til Idd ved Halden og kjem dit etter å ha sagt opp stillinga si i Skodje frå 15. september 1894. I attestene frå Idd går det vidare fram at folkeopplysningstanken er svært viktig for han, og han fekk ikkje fred for Bruuns idealistiske pedagogiske program. ”Med sin store begavelse og omfattende kundskaper forenet med tilsvarende praktisk dygtighed har han betingelserne for å virke med held i de videregående skoler,” skreiv formannen i Idd skolestyre. Året er 1898. Stauri gjekk på denne tida også i spissen for å stifte Idd ungdomslag og mållag. Ideologien var klarlagt og han var open for nye utfordringar i pakt med opplysnings- og nasjonsbyggingstankane.

Etter ti års arbeid i folkeskulen og framhaldskulen, følte han seg likevel for umoden for å arbeide i folkehøgskulen, sjølv om det var der interessa låg. Hausten 1898 vart han ved eit personleg brev beden om å starte som lærar ved folkehøgskulen i Telemark hos Viggo Ullmann. Han svara raskt ”ja” til dette. Desse fire åra ved Telemarkens folkehøiskole, var viktige år for Stauri. Saman med Jacob Naadland og Viggo Ullmann grunnla han ”Norsk høgskuleblad”, som kom ut kvar veke i to år. Emna i bladet har både nasjonalt og nordisk perspektiv. Han skreiv redaksjonelle artiklar, bokmelding, portrett av høgskulevener og prinsipielle artiklar om folkehøgskulen. Synspunkt og utviklingsliner frå dei andre nordiske landa var ofte å finne. Å byggje landet ved å gi kunnskap og livsopplysning til landsungdommen i folkehøgskulen er viktige tema. Kravet om ”personlig frihet” og vektlegging av ”nyttig livskunnskap” er tankar som går att i artiklane hans. Det er krav som kvar enkelt skal setje til seg sjølv. Fyrst da kan ein krevja sin rett, hevdar han fleire gonger.

Han argumenterte for at folkehøgskolen skulle vera ein fri skule utan eksamen, men med økonomisk støtte frå det offentlege. I spørsmål om landsmålet er han prinsipiell og vektlegg fleire gonger at dette spørsmålet handlar om nasjonal og personleg frigjering. Han gav ut ein grammatikk for folkeskulen i 1907, ei bok som vart revidert fleire gonger og var i bruk til etter andre verdskrigen.

I åra etter 1900 reiste han til Danmark til Askov, Vestbirk og Vallekilde folkehøgskular og til Sverige og Finland. Dese skulane var sentrale folkehøgskular i Danmark. Seinere vart det fleire studiereiser til Tyskland og Italia. Han snakka og skreiv godt tysk, noko han hadde lært seg sjølv.

Da skulen i Seljord vart gjort om i samband med at Ullmann av økonomiske grunnar så og si var tvinga til å bli stortingsmann i 1902, meldte spørsmålet om eigen skole seg for Stauri.

Om Stauri skreiv Viggo Ullmann

Rasmus Stauris bok om fire viktige folkehøgskuleideologar. Det var efter mit raad, at han begynte egen skole, da jeg anså ham for at være en altfor betydelig mand til blot at virke under andre. Mine forhaabninger til ham er heller ikke blevet til skamme, idet han har oparbeidet sig store kundskaber. (Stauri d.y. 2001:55).

Åra i Seljord var avgjerande for han reint personleg. Her møtte han den unge eleven Lise Høie, prestedotter frå Stavanger, som seinere skulle bli kona hans, og i 1932 Nordens fyrste kvinnelege folkehøgskulestyrar. I dagboka skriv han at det ikkje minst var på grunn av henne at han ville skape noko sjølv, ein eigen skule og eit felles livsprosjekt. Og ønsket hans skulle vise seg å gå i oppfylling til slutt. Stauri skriv i dagboka si 1. juli 1907:

Nu er halve aaret af 1907 ogsaa gaat. Det har dog gaat snart. – Har oplevd en stor skuffelse, som gjør meg mer nedstemt end rimeligt er. Jeg faar ikke den videregaaende skole – ialfald ikke iaar. Men vi faar holde det gaaende som det er. I næste måned er Lise min for altid. Den tanke skal holde al bitterhed borte.(…)

Stauri vart overbevist grundtvigianar gjennom dei fire åra i Seljord hos Viggo Ullmann, i sinn og skinn. Ideane til Bruun sleppte aldri taket i han og gradvis voks tanken om å fortsetja Bruuns arbeid i Gudbrandsdalen.

Ein skrivande organisasjonsmann

Sangbok for norsk ungdom frå 1923. Forfattarskapet var viktig for å styrke skulen og den private skuledrifta. Stauri skreiv i ein munnleg stil. Han førde ein lett og god penn i ein munnleg språktone. Han var ein produktiv forfattar og har denne litterære produksjonen:

  • 1905 Grundtvig og den grundtvigske skole
  • 1907 Norsk grammatikk
  • 1910 Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland
  • 1911 Frå sjælellivet, tri foredrag for lærarar
  • 1912 Grundtvig ("I serien Norske Folkeskrifter")
  • 1914 Nyårshelg (Ei fortelling)
  • 1914 Ungdomsskolen i Noreg i 50 år, 1864-1914 (saman med Haakon Aasveien)
  • 1921 Festkantate for kor og orkester, framført i Sør-Fron kyrkje
  • 1922 Skriftleg opplæring i morsmålet
  • 1923 Songbok for norsk ungdom (saman med Mads Berg)
  • 1926 Anders Sandvig og Maihaugen
  • 1930 Fire Folkelærarar (Herman Anker, Olaus Arvesen, Chr. Bruun, Viggo Ullmann).

Han gav ut jubileumsskrift for ti års og 25 års drift av Gudbrandsdalens Folkehøgskule. Han var formann i Gudbrandsdalens fylkeslag av Noregs Ungdomslag i åra 1903-1909, og likeeins i Gudbrandsdalens foredragslag i nokre år frå 1909. I 1907 var Stauri med å stifte Noregs Høgskulelærarlag ved Sund folkehøgskule (Fossgard 1980:15). Han satt i styret for Norsk Høgskulelærarlag frå 1907-1913, nestleier alle åra, men ikkje i 1910-11, da han var formann. Han var også ein aktiv skribent i riks- og lokalpressa.