Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Lise Stauri (1882-1949)

Lise Stauri Ho blir i ettertid minna for å vera den fyrste kvinnelege folkehøgskulestyrar i landet, eller rektor som vi heller seier i dag. Men dette var ord ho ikkje likte. Ho kalla seg heller “høgskulemor” i brev til vener og i omtale med elevane. Og i skrift og tale var kanskje det ein meir høveleg tittel, da det offisielle mottoet ho styrde skulen sin etter var: "Ein skule er ein heim og denne heimen er ein skule". Med dette ville ho skape ein heim for ungdom som søkte til den folkehøgskulen ho dreiv og leggje til rette for eit inspirerande miljø både for lærarflokken og dei unge. Det var elles noko ved personlegdomen hennar som ikkje passa med titlar. Ho var for mykje medmenneske til det. Sjølv i dag, så mange år etter at ho gjekk bort, lever det folk som uoppfordra talar om henne i varme ordelag, så ho må ha vore eit menneske med store mennesklege kvalitetar og evne til å få folk til å trivjast og utvikle seg.

Ho styrde Gudbrandsdalens Folkehøgskule på Hundorp i Gudbrandsdalen i åra 1932–1948, men arbeidde i alt i folkehøgskulen frå 1902–1904 og frå 1907–1948, ein 43 år lang arbeidsdag i svært skiftande samfunnsmessige og pedagogiske vêrlag, ikkje minst under krigen, da ho laut stå ansvarleg for Hundorp skolehjem, der det var nazistyret som sette premissane frå 1943 til krigsslutten. Det er ei soge i seg sjølv, som ikkje skal omtalast spesielt i denne artikkelen. Men ho vart beden om å setja opp eit høgt gjerde rundt skuleeigedomen. Da er sagt at ho svara: “Dette er ein skule og ikkje eit fengsel.” Det vart ikkje bygd gjerde. Å drive skule var for henne noko meir enn å halde timar og gi kunnskap.

Tidlege livsår

Lise Karine Høie var prestedotter, fødd i Stavanger 6. januar i 1882. Ho døydde 14. februar 1949 på Hundorp. Faren var unitarprest og skulestyrar Rasmus Høie (1833–1909), og mora heitte Lise Karine Tronsdatter Tjøstheim (1846–1891). Lise mista såleis mor si i unge år, og voks opp hos syster si, Dorothea, som var gift med fylkesmann Oddmund Vik (1858–1930) i Ullensvang frå ho var ni år gammal. Ho fekk ein trygg, men morlaus oppvekst.
Ho gjennomførte seinare eit førebuingskurs for seminaret hos far sin ved St. Petri skule i Stavanger, og tok til på Stavanger seminar, men det vart nedlagt i 1901. Derifrå reiste ho 19 år gammal til Viggo Ullmanns folkehøgskule skule i Seljord, der ho møtte mannen sin, Rasmus Stauri (1867–1932), frå Stryn på Ullmanns seminar i Seljord i 1901. Han kom dit i 1898. Ho var 19 år, han var 34, ein aldersskilnad på 15 år da dei møttest. Det vart eit par av dei to, og vegen vart staka ut da dei tok til på eigen folkehøgskule på Vik i Kvam, oktober 1902. Ho gjekk inn i skulegjerninga og vart den beste støtta for mannen sin, berre 20 år gammal. Det skorta ikkje på mot og arbeidsvilje. Ho vart verande i Kvam i to år fram til 1904, men braut opp for å reise til Danmark på gymnastikkurs. Ho tok eksamen ved Elverum seminar i 1904 og hadde ulike postar etterpå. Fyrst i Vats i Ryfylke, seinare ved Buøy frå 1. mai 1905 og til sist ved den gamle skulen sin, St. Petri i Stavanger frå 1. juni 1906. Frå 1. januar 1907 tok ho tre månaders kurs ved Industriskolen i Kristiania. Men ho heldt fast ved Rasmus Stauri, og dei gifta seg i Ullensvang i Hardanger sommaren 1907. Dei fekk ein stor familie med åra, fire jenter og ein gut.

Eit større samfunnsarbeid

I ettertid ser ein tydeleg at å styre ein folkehøgskule i hennar styrartid også (1932–1949) var meir enn å halde orden og vera tydeleg og synleg i skulekvardagen. Slik skulebygningane vart ordna på Hundorp og på Vik i Kvam, måtte privatliv, skuleliv og offentleg liv gå i kvarandre. Nokon styrarbustad fanst ikkje. Privatliv i vanleg forstand vart umogleg, da familien budde midt iblant elevane. Og med ein barneflokk på fem frå 1908 til 1918 var det nok å halde fingrane i. Lise Stauris kultur- og samfunnsengasjement var breitt. Ho var ein periode formann i Gudbrandsdal krets av Norges Husmorforbund, som ho tok initiativet til i 1929, da kretsen vart stifta på folkehøgskulen på Hundorp. Ho var også ei tid medlem i landsstyret i Husmorforbundet og i denne samanhengen reiste ho mykje rundt og heldt foredrag. Ho var elles med i Hjemmenes Vels Landsforbund ein periode. Og lokalt hadde ho mange verv. Ho var formann i sanitetsforeninga i Sør-Fron i 1926–28 og i Sør-Fron husstellkomite frå 1945, dessutan medlem i soknerådet i Sør-Fron frå 1932 og i fleire år framover. Ho gjorde studiereiser i Danmark, Sverige, Storbritannia, Tyskland, Spania og Italia. For arbeidet sitt fekk ho Kongens fortenestemedalje i gull i 1947.

Oppstart i Kvam 1902

I opningstala i oktober 1902 vart desse avslutningsorda førande for dei både: “Rettigheder uten de fornødne plikter er et høist tvilsomt gode. Vi skal gjøre hva vi makter…” (handskrive manus, oktober 1902).

I ein artikkel ho skreiv for Norske gardsbruk bind X Oppland Fylke, utgitt i 1953, “Ungdomen” skriv ho:

Jorda skrik etter hender som kan ta fatt, alle stader trengst det nevar som kan ta eit tak og vera med på det store atterreisingsarbeidet. Den moralske atterreisinga blir den lengste og verste. Her er det heimen og skulen som må ta eit krafttak for å gje ungdomen att arbeidsgleda og trua på livet.- Det var med stor spaning vi tok imot elevar etter krigen. Mange av elevane hadde levd fårleg, modig. Det var i glad undring vi fann ut at mest alle hadde berga seg fint. Det er heimen som fyrst og fremst skal ha takken og æra for at det gjekk så godt med ungdomen vår under krigen. Storskogen av Sven Moren sluttar slik: ”Her blir nok storskog att, når ein berre fer fint med ungskogen.”

Desse orda er talande for livssynet og livsinnstillinga hennar. Ho var eit byggjande menneske som i stor tiltru til humanistiske livsideal la grunnlaget i heimen og i familien. I det same stykket, som ho gjorde ferdig i 1949, same året som ho døydde, forsvarer ho dette å ha eit ideal:

I vår tid har mange så lett for å smile når talen kjem inn på dette med ideal. Det var berre i gamle dagar at ungdomen hadde tid til slikt, meiner dei. Nei, det er ikkje sant dette at dei unge ikkje har ideal. Stakkars den ungdomen som ikkje har ungdomsdraumen – det blir tomt utan den.

Mange vil nok hevde at desse orda trengst nok å bli utdjupa og nyansert i 2015. Ut frå hennar innstillling til den pedagogiske livsgjerninga ho gjekk inn for i alle dei år, står hovudbodskapen og meininga likevel fast. Mennesket, det unge mennesket skal stå i sentrum, og alle sider ved det unge mennesket. Ho levde etter desse orda: Trua på dei skapande og byggjande livskreftene i kvar enkelte så sant grunnlaget blir lagt til rette.

Skuleprofil

Opningstale med ordensreglar av Lise Stauri for skuleeåret 1933-34.Det “levande ordet” etter Grundtvigs idear var viktig i hennar styringstid. Ein velkomsttale kunne innehalde normer for korleis eleven skulle oppføre seg. Ho heldt mange taler i Gudbrandsdalen, der ho budde heile livet sitt. Desse talene er alle tufta på opplysningsideane i den klassiske folkehøgskulen. Emna er mange og dei har alle ein klar bodskap. Talene hennar er gjennomsyra av ei oppfordring, ei maning om å sjå sin eigenverdi. Elevane blir oppfordra til å bruke livet sitt til kva det er verdt. Elevane får høre kor dyrebare dei er for foreldra sine – skulen er audmjuk ved å få ha dei ein vinter. Folkeskikk og sømeleg framferd er viktig. Protokollane frå hennar styringstid viser at det sjeldan var behov for disiplinære tiltak – det var sjeldan tema på lærarmøte. Altså kunne ein velkomstale vera nærast som eit reglement, får ein inntrykk av.

Ei viktig side ved skuledrifta i dei åra Lise Stauri styrde var å knyte til seg kjende kvinner og menn i samfunnslivet. Ikkje berre for vennskaps skuld, men for å kunne dra nytte av den kunnskap og samfunnsmessige posisjon desse menneska hadde i samtida. Foredraget er den sentrale formidlingsforma. Blant dei mange som besøkte skulen i hennar skuletid, er nok professor Fredrik Paasche (1882-1943) den mest synlege. Eit livslangt venskap oppstod mellom han og styrarfolket i åra 1919 til han laut rømme landet i 1940. Som historikar og litteraturforskar med fagspesialitet i norsk middelalder vart Paasche både ein nær ven og ein nyttig hjelpesmann i skuledrifta. Ein klår ideologiske profil for folkehøgskuledrifta streka han mang ein gong under, og ikkje minst kjem det til uttrykk i desse orda, henta frå eit foredrag midt på 1930-talet:

Det er en viktig gjerning. Den blir gjort for ungdommen vor, fremtiden vor. Paa folkehøiskolen i Fron har flokken av bygdeungdom, og ungdom fra dalen og hele landet hat sit hjem et tid, visst ikke den fattigste tid av sitt liv, selv om det var smaat for mange – men en tid som gav noget, vi tør vel si at den for mere end én blev grundleggende. Her lærte de unge pratisk dyktighet, her vokste de i kundskap, her levde de et godt kameratliv, her fik de veiledning til hva som bygger et land og holder er folk ved makt. Det blev sagt dem hvad hjemmet og foreldres arbeid er verdt, hva frihed og fred er værdt, og retten og den selvstændige tanke – i en tid da mennesker fristes til at tro paa ufrihet, vaapen og voldsfærd. (Fredrik Pasche, 1934)

Brev om sensur av skuledrifta 1941 I tråd med desse tankane og ideane arbeidde Lise Stauri ut si folkehøgskulegjerning i den tida ho sat ved roret – frå 1932 til 1948. Men elles var ho ein viktig premissleverandør, som det så klisjeaktig heiter i vår tid frå 1902-fram til ho la frå seg ansvaret, eitt år før ho døydde. Hennar tankar om ungdommen er ikkje uaktuelle i dag, men i vår komplekse og samansette tid vil ein kanskje etterlyse djupare analyser og vurderingar. Lise Stauris mange foredrag er på den eine sida farga av det synet at opplysning og kunnskap er til det gode for kvar og ein, i tillegg til livskunnskap og praktisk dugleik. Men bakom låg ei usvikeleg tru på at mennesket er godt på botn. Her synte ho tillit til dei unge, og det lever mange historie om kor snill ho var der med ei livhaldning full av klokskap. Kanskje kan desse orda frå ei opningstale ved krigsutbrotet i september 1939 vera talande:

Nå er ungdomsåra begynt – for mange den vakreste og lykkeligste tid, men også den vanskeligste. Og det er vårt høyeste ønske at vi må få være noe for dere i denne tid. Det er en urolig tid, tung, trist tid dere unge vokser opp i nå. Men nettopp nå trenger vi en ungdom som vil noe, en ungdom som er frisk og og vil frem og hjelpe fram alt det gode i menneskene. Det er vi i Nordens folk som til nå står utenfor krigen som skal være som en verdensmakt for hjertets sak på jorden. En ungdom som vil frem må kjempe for hjertets sak, som vil gjøre sitt til at livet blir det Skaperen mente med det – det håper vi å å arbeide med i vinter. La ikke sløvsinn, likegyldighet ta makten fra deg, ikke tøys og tull tiden bort, men vær våken. Det trenger vår tid.

Lise Stauri, 1947 Lise Stauri førte eit stort og gjestfritt hus. I gjesteboka som ligg att skriv venen Sigrid Undset dette 30.august 1948. “Underlig å være her igjen. Lise Stauris godhet er det eneste som er nu som da, i aprildagene 1940. Ja og så det skjønne landet, eleven og åsene og bygden.”

Årbok for Gudbrandsdalen 1949 opna med minneord skrivne av Sig. Skogheim: “Truskap og hjartevarme var det som kanskje meir enn noko anna sermerkte fru Lise Stauri.” Han trekkjer historia attende til dei ideane ho fekk frå Ullmanns folkehøgskule i Telemark, truskap mot eit livskall med Bjørnsons ord tekne på alvor: “Kjemp for alt hva du har kjært.” Ei anna side ved personlegdomen hennar var evnen til å vera lik mot alle, høg og låg, liten og stor, ho vekte “tru hos tvilaren og vart til trøyst og kvile for dei som var hugsåre eller trøytna i livsstriden. Vi, elevane hennar, veit at det var lett å tru seg til henne, ho hadde eit eige lag til å vinne over vanskane og løyse floker.” Slik sett lyste ho av naturleg autoritet og det er kanskje grunnen til at ho framleis blir hugsa og prata på, vel 60 år etter at ho gjekk bort.