Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Gudbrandsdalens Folkehøgskule
– eit danningsprosjekt gjennom 85 år. (VIII)

Utleige og innleigde rektorar 1972-1983:

Ein styrar går frå borde.

Det kom fleire rektorar til Gudbrandsdalens Folkehøgskule etter at Are Stauri gjekk bort. Det var aldri spørsmål om å leggje ned skuledrifta, men ein måtte avertere etter nye krefter og leige bort skulen. I perioden fram til brannen på internatbygget i 1987 var det ofte skifte av rektorar.

Folkeuniversitetet

Frå venstre: Dagny Stauri, Karen Stende Bjaastad, Leiv Bjaastad, Torleiv Helling, Odd Skurdal og Einar Hovdhaugen, hausten 1972. (Foto: Privat / Familien Stauri)Frå styreprotokollen, 1972:

”Styremøte den 9.oktober 1972: (…) Rektor Are Stauri døydde brått den 1. oktober. Møtet var difor innkalla av skolen sin eigar, fru Dagny Stauri.” Grunngivinga for at ikkje Dagny Stauri tok over som rektor vart skrive ned på denne måten: ”Fru Dagny Stauri som eigar av skolen med borna sine, får no auka ansvar etter at ektemannen er borte. Ho har full stilling som formingslærar, og er dertil skolen si husmor. Dermed blir arbeidsbøra og ansvaret for stort, og det kan vere ynskjeleg med ei avlastning. Ho vil likevel gjerne drøfte spørsmålet med tilsynsmann Stein Fossgard i Departementet før det blir gjort noko endring.”

På dette styremøtet blir det ifølgje protokollen, vedtatt at den nye rektoren skal vera Leiv Bjåstad. Dette ”etter oppmoding av tilsynsmann for folkehøgskolane, Stein Fossgard”. Det skulle kome til å bli mange rektorer i det neste tiåret. Lista over rektorer vart slik: Leiv Bjåstad 1972-73, Gunnar Kambestad 1973-76, Hallgjerd Brattset, 1976-77, Lars Bjaadal 1977-80, Maurits Årflot 1980-81, Jan de Vibe, 1981-83. Desse rektorane var for det meste folkehøgskulefolk. Hallgerd Brattset var sjølv oppvaksen på ein folkehøgskule, alle bortsett frå Vibe var målfolk, og dei skulle kome til å halde fast ved undervisningstradisjonane. Nokre tydelege forandringar er det likevel. Ei av endringane er at elevrepresentane blir trekt meir inn i diskusjonar om skulen, og at det blir halde lærarrådsmøte kvar månad.

Drøftingane med tilsynsmann Stein Fossgard fann stad, og diskusjonen gjekk på kven som kunne leige skulen og ha det økonomiske ansvaret for drifta, og eventuelle endringar i skulens innhald, blant anna vart det drøfta idear omkring naturvern og internasjonalisering.

Folkeuniversitetet vart leigetakar i ti år.

Gunnar Kambestad var rektor 1973-1976. Lars Bjaadal var rektor 1977-1980. Maurits Aarflot var rektor 1980-1981.

«Fortsette som før»

I ”Undervisningsplan for Gudbrandsdalens Folkehøgskule”, nå drive av ”Folkeuniversitetet, landssammenslutning for friundervisning og voksenopplæring,” var skuleformålet det same som på 1960-talet. Det samme gjeld vektlegginga av Hundorp som historisk stad. Når det gjeld fag og timeplan, så blir det nå ”lagt stor vekt på mellomfolkeleg samarbeid" og å forstå folk i andre land. Nå heiter det ”samfunnsorientering”. Naturfag og geografi går ut. Fagene elles er

Norsk, lesing, grammatikk, stil, litteraturhistorie, foredrag og opplesing, samfunns- og samtidshistorie, rekning (valfritt), psykologi, frie foredrag, engelsk, fransk (valfritt), italiensk (valfritt), tysk (valfritt) sal og scene (valfritt). Vanleg gymnastikk for jenter og gutar.

Skulen er framleis delt i ei teoretisk og ei praktisk line.

Det blir halde seminar og studieringar.

«Folkehøgskulen på Hundorp skal fortsette som før,» uttalar Gunnar Kambestad til avisa Dagningen, den 13.8.1973. Situasjonen har nå stabilisert seg reint administrativt. Kambestad fortel vidare at det blir ”ikke så mye ” som blir endra. Litt meir om internasjonalisering skal det bli, litt meir samfunnsfag og språk, og ein ønskjer å bryte ned skillet mellom den teoretiske og den praktiske lina.

I styremøte den 13.12.1973 blir følgjande vedtatt:

Sak 5:Lærarposten i husstell vert frå 1.1. 1974 redusert primært til 24 timar i veka, subsidiært til 21 timar i veka, gjeldande frå 1. april 1974. Styret tek dessutan sikte på å drøfta undervisningsopplegget ved skolen med tanke på omlegging av undervisningsplanen frå 1.august 1974, blant anna spørsmålet om å halda fram med husstellina.

Elevproblem

Utdrag frå styremøteprotokollen, 23.april

Lensmannsbetjent Dohrn frå Fron lensmannskontor gav ein munnleg rapport om narkotikasaka ved Gudbrandsdalens Folkehøgskule. Han nemde som innleiing at 9 elevar hadde brukt hasj før dei kom hit. Av desse heldt 7 fram med å bruke hasj her.(…)”.” Det hadde i denne saka ikkje vore kontakt mellom skuleungdomen og bygdeungdomen. Lensmannsbetjent Dohrn orienterte også stutt om tidlegare narkotikasaker ved skolen og ved Vinstra gymnas.

På lærarrådsmøte den 24. oktober same år, blir det tatt opp att ”Narkotikamisbruk ved skolen”.

Leigarar, ikkje eigarar

I lærarråd torsdag 24.10.1974 blir det diskutert i tillegg til to displinærsaker, tilstanden med vatnet på skulen, og ein går inn for at helserådet kjem til inspeksjon. Deretter kjem to punkt på saklista som gjeld leigeforholdet og drifta.

Ein lærar ber om at skulebudsjettet blir lagt fram i lærarråd, og likeeins internatbudsjettet.(…). Ein annan lærar ber om ei klar utgreiing av eigedomsforholda ved skulen. Rektor viser til kontrakta mellom eigaren fru Dagny Stauri og Folkeuniversitetet. Lærarane ber om at denne kontrakta blir lagd fram for lærarrådet. Den 11.11. ber ein vidare om at det blir betre ”tørkemuligheter” for klede på skulen og at det blir sett inn ”vifte i Tingstugu”.

Den 11.12. blir spørsmålet om vatn tatt opp igjen, dessutan ”Utviding av skulen og nybygg”. Under punkt 8, ber lærarrådet «Branntilsynet komme med skriftlige brannføresegner for Gudbrandsdalens Folkehøgskule».

Medbestemming

Ved lærarrådsmøte den 21.1.1975 er det ønske om at ”Forslag frå elevane og lærarane om foredragshaldarar vil bli lagt til for opplegget med foredragshaldarar”, og det blir opplyst om at «det vil bli satt opp vifte i Tingstugu».

Nytt i desse åra var at elevrepresentantar kunne vera til stades ved lærarrådsmøta. Diskusjonstema som går att er utviding av leggjetid, «løyve» til besøk på rommet som skal avgjerast i kvart tilfelle med vaktlærar, og elevene får ei prøveordning med elevvakt om laurdagane.

Ifølgje protokollane blir sakene godt følgt opp. Det kjem brannforskrifter.

Kontakten med departementet om vidare planer og evt, utbygging av skulen, er jamn, og det blir drøfta å opprette av «idrettsline, formingsline” og «evt. anna line, eller anna spesialpedagogisk opplegg». Ein protokoll frå skoleåret 1977-78 fortel kva for saker som kom opp i elevrådet. Det gjeld alt frå det pedagogiske til det meir matnyttige som skulegenser, ønske om nytt pålegg på maten og liknande. Men etter kvart blir elevrådet meir avansert.

10.10.1978 ser lista over diskusjonsemna slik:

  • 1)Større makt til elevane (elevråd)
  • 2) Nattvakt (laurdagskveldane, to på kvart internat)
  • 3) Elevrådet behandla permisjonssøknader
  • 4) Ord for dagen ved elevane
  • 5) Forandringar på ordensreglane
  • 6) Kva kan elevrådet gjera for dykk? og
  • 7) Tjuven i butikken i går.

Verdiar på spel i ”kvine-året”

Annangenerasjons folkehøgskulestyrar hadde som fyrste den fyrste generasjonen, om enn i nokon mindre grad, vore mykje brukt til foredrag i lokalsamfunnet. Dette fortsette i nokon grad også i denne fjerde epoken på 1970-talet, ei tid med mentalitetsforandringar i samfunnet. Her representerer Dagny Stauri tradisjonen mors betydning i ein familie i sitt foredrag ved Årsmøtet i sanitetsforeininga, Fåvang 19.2.1975.

Talen stiller innleiingsvis tre spørsmål, 1) media som påverkar oss og jakta på økonomisk vekst, 2) om vi er kritiske nok, og 3) forholdet mellom heim og samfunn

Dagny Stauri gir uttrykk for bekymring for heimane våre, «Er dei så gode som før?» Ho held fast ved den tradisjonelle morsrolla:

«Den sentrale personen i heimen var mora. Ho fødde barna, og frå ungene var små tydde dei åt henne. Vi hugser sjølve det var mor vi gikk åt, ho hadde tid, ho var alltid der og forstod oss,» skriv ho.

Og nå er eg der. Det kan ikkje unngås å nevne 1975, som det spesielle Kvinneåret. Les aviser, slå på radioen, T.V. alle massemedia er tatt i bruk, vi får stadig påvirkning utanifrå. Personleg kunne eg ha tenkt meg året kalt «Kvineår», for så mye larming og skrik er det lenge sida vi har opplevd.(…). Kjønnsrolledebatt. – i midten av januar vart det sendt eit program i barne-TV, programposten heter Lefsa, men slike lefser set seg i halsen. Her vart unger rådspurt, tatt med i debatt om foreldra sine, unger kan ikkje vera saklege i si vurdering, og for eksempel far vart sett i et dårleg lys. (…) En film vart vist fram, innspilt i Ålesund. Her såg vi en umåteleg usympatisk far. Han kom heim frå arbeidet, han ville ha ro ved matbordet, men det er som bekjent ikkje populært etter moderne mønster. (…).

Dagny Stauri har opplevd mentalitetsforandringar ved skulen og i samfunnet, og ho er i denne talen skeptisk til ein mentalitet der barn skal ytre seg om saker dei ikkje kan vere «saklege» om og der kampsak mot mannen blir viktigare enn morsrolle og familieomsyn.

Viktige verdiar står på spill, må ein tru ho erkjenner.

Konflikter

Lærarråd av 29. april 1975 drøfter «brev frå Dagny Stauri», som for øvrig skulle komme til å vera til stades ved dei aller fleste lærerråd til skulen vart lagt ned etter brannen på internatbygget 21.4.1987. Emnet var «tidspunktet for å vera inne laurdagar», der ho foreslår kl 24.00, evt. av vaktlærer forlenga til kl 01.00 overhalde, «slik vedtaket for skolen har vore.»

Forslag fra ein lærar om å halde seg til tidspunktet 01.00 blir vedtatt. Til dette ber «vaktlærarane» om ein protokolltillegg der dei referer til laurdagar der «vaktlærer lot så, etter å ha funnet en vaktordning med elevene om åpning av dørene, elevene selv bestemme når de ville komme tilbake. Ordningen virket meget tilfredsstillende.»

Fag og timar, elevtilgang og samansetning

Elevtalet heldt seg stabilt høgt også på 1970-talet, med gjennomsnittleg 50 elevar pr år. Jentedominansen som særleg begynte på 50- og 60-talet, auka betydeleg på 1970-talet. Mye av grunnen til dette var at folkehøgskulen vart vurdert å vera ei fin førebuing til sjukepleieskulen fram til slutten av -70 talet, da det vart krav om artium for å bli sjukepleiestudent. Frå 1975 kom dei fyrste utanlandske elevane frå den tredje verda til Gudbrandsdalens Folkehøgskule. Ein hadde også ein del elevar som var litt vaksnare. Nokre hadde nå artium.

I styremøte den 30.1.1976, Folkeuniversitetet, Øvre Slottsgate 6. Oslo, med Wilfred Werner (F.U), Einar Hovdhaugen (dept. ) og Gunnar Kambestad (rektor) blir følgjande konsolidering av vidare undervisningstilbod gjort:

(…) med den strukturen Gudbrandsdalens Folkehøgskule har i dag, med tre småavdelingar med praktiske fag – skulekjøken, formingssal, tekstil-formingssal - , vil ein kunna leggja opp emneundervisning utan spesiell linedeling, med emne- og fagval på tvers av dei eksisterande linene i praktisk og teoretisk.Oppsummering av ideane vart slik:
1.Ungdomsline, 2.Formingsline, 3.Husstell-line, 4. Massemedia-line, og 5.Styrking av ikkje-linedelt folkehøgskule”.

Formålet med å styrke den ikkje-linedelte folkehøgskulen var truleg som Kambestad sier tidlegere, i 1973, å bryte ned skilla mellom den praktiske og den teoretiske lina.

Skulen fortsette likevel i det store og heile med dei same linene og faga og den same gjennomføringa av skuleåret. Det vart halde seminar. Det vart knytta bygdekunstnarar til skulen, som før, mellom andre Ragnvald Frøysadal, og det var ei tid da eigaren, nå Dagny Stauri, representerte ein kontinuitet for skuledrifta, men hadde i mindre grad, går det fram av protokollane, innverknad på skuleinnhaldet. Ho er likevel absolutt deltakar i lærarråd, i faglege og organisatoriske diskusjonar, og ho kan gi uttrykk for entusiasme over ulike tiltak innan pedagogikk og på det kulturelle området. Ho har funksjon som eigar av skulen og som lærar. Ho er ikkje husmor ved skulen lenger. Ho sit ikkje i styret for skulen. Sonen Tormod var også tilsett som lærar ved skulen ein periode i denne epoken.

Rundt 1980 begynner elevnedgangen på nytt, både ved folkehøgskulene generelt og ved Gudbrandsdalens Folkehøgskule, men skulen skulle kome til å greie seg enda i nokre år, før den dramatiske brannen skulle setja eit kanskje naturleg punktum for 85-års skuledrift. Eit stykke skulehistorie tek etter kvart til å nærme seg slutten.

Kvifor satse vidare på Gudbrandsdalens Folkehøgskule?

Folkeuniversitetet var svært engasjert i folkehøgskulen på Hundorp med Dagny Stauri som eigar av skulen. Etter kvart som åra gjekk, melde spørsmålet seg om Folkeuniversitetets vidare engasjement i skulen, og om eit vidare ansvar for skulen. Skulen har, særleg representert ved rektor Lars Bjaadal, stadig kontakt med departementet om vidare drift av skulen og eigedomsforhold, utbygging etc.

Ei utgreiing av Folkeuniversitetet, 2. desember 1978, konkluderer med at det er interessant for Folkeuniversitetet (FU) å tenke seg å eige skulen på sikt.

I spørsmålet om hvor FU bør lokalisere sin drift av egen folkehøgskole, står man ikke fritt. Her må man rette seg etter hva som foreligger av tilbud og muligheter for FU til å engasjere seg i drift. (…). Eieren har vist stor velvilje overfor FUs engasjement der, bl.a. ved tilbud om å gå inn i medeierskap, noe som vil kunne gi FU større mulighet for innflytelse over den videre utbygging og for planlegging på lengre sikt.(…). Når det gjelder natur-, samfunns- og kulturmiljø, hevder Hundorp seg med glans som et tiltalende skolested. (Rossvoll 1978).

Folkeuniversitetet la ned mye arbeid for å få til gode føresetnader for ei overtaking av skolen. Vilkåra var ”utbygging av skoleanlegget til en rasjonell kapasitet og bra standard”, og at drifta kunne gå bra utan ”altfor stor subsidiering fra FU”. Eit anna viktig vilkår var ”statens FH-politikk” og ”Sør-Fron kommunes holdning til FU og Gudbrandsdalens Folkehøgskule”.

Så følgde ei tid med stor aktivitet i forhold til Universitets oldsakssamling, «før byggjing vil dei krevja granskingar, sjaktprøver, arkitektbyrå og byggefirma. Sør-Fron kommune, der ordfører Tofte og skulesjef Myrvang 29.1.1979:

(…)understreket sterkt at kommunen i en eller annen form burde være med å hjelpe til med utbygging av skoleanlegget til bedre kapasitet og standard. Kommunen var sterkt interessert i skolen både som arbeidsplass og som kultur- og møtesentrum i bygda.

Men det var mange hindringar. «Husbanken har avslått å støtte med lån til ombygging av nåværende gymnastikksal til elevrom», «oldsakssamlingen har rett til, før utbygging å ta jordprøver», «kommunen ikke er interessert i å binde seg til folkebibliotek på Gfh selv om Klokkargarden (nåværende bibl.) skal rives», og lærarane ved skulen har ”ønsker om utbygging av/ utvikling av skolen”, men der ”skolens eier ikke ønsker at det åpnes for en slik diskusjon på så løst grunnlag”.

Trass i intens aktivitet frå rektor Bjaadal og frå tilhøyrande instansar, vart det inga løysning med nye eigarforhold. Folkeuniversitet driv framleis skulen etter 10-årskontrakten. Bjaadal hadde 10.november 1978 vendt seg til Noregs Ungdomslag i Gudbrandsdalen under tittelen ”Skiping av høgskulelag i Gudbrandsdalen”, der han foreslår ungdomslaget med i eit eigarlag.

Mange folkehøgskular kringom i landet har eit høgskulelag attom seg. Eit slik lag finst ikkje i Gudbrandsdalen. Dette har klåre historiske årsaker. Gudbrandsdalens Folkehøgskule, Hundorp, har vori i privat eige, og Ringebu folkehøgskule er eigd av Oppland fylke. Ein arbeider no med å endre eigartilhøva på Gudbrandsdalens Folkehøgskule.(…)

Høgskulelag fanst i landet og utgjorde eit nettverk av personar som var ideologisk knytt til ein folkehøgskole. Folkeuniversitetet valde å seie opp leigekontrakta med Dagny Stauri etter ti års drift, da ein av ulike grunnar ikkje fekk til ei permanent ordning. Ein var slik situasjonen var, best tent med nye eigarar for å kunne halde fram skuledrifta på Hundorp. Vesentleg var det at det ikkje vart grunnlag for ei utviding og ei utbygging grunna omsynet til kulturminna.