Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Oppstart og bakgrunn

”Skulen er ein heim, og denne heimen er ein skule”

Gudbrandsdalen er eit pionerdalføre i det folkelege opplysningsarbeidet i Noreg.

Gudbrandsdalens Folkehøgskules fyrste skuleår på Vik i Kvam Grundtvigs tanke om folkeleg danning med rot i historie, litteratur og det levande Ord var grunnlaget i den tidlege folkehøgskulen – den historisk-poetiske skulen, ”skulen for livet” – eit nordisk bidrag til europeisk pedagogikk. Folkeopplysningsideane slo rot i Gudbrandsdalen på 1800-talet med skulen på Rommundgard og seinare Vonheim. Gudbrandsdalens folkehøgskule er historisk sett eit framhald av Vonheim. Søndag 12. oktober 1902 stod opningsmøtet på Vik i Kvam, og grunnlaget for 85-års folkehøgskuledrift vart lagt. Denne artikkelen ser attende på opningsdagen, og kvifor og korleis skulen fyrst vart lagt til Vik.

Saknet etter ein folkehøgskule i dalen var stort etter at Vonheim i Gausdal måtte stenge dørene i 1896.

Chr. Bruun kjende seg motarbeidd og gjekk trøytt, og folkehøgskulen møtte motbør frå konservative krefter, ikkje berre her i dalen. Utsiktene for å få til ein ny skule var ikkje store ved århundreskiftet, sjølv om behovet for ein ny skule avgjort var til stades.

Opptakta

Gudbrandsdalens Folkehøgskule på Vik i Kvam 1915 Stryningen Rasmus Stauri bestemte seg alt i 1878, etter å ha lese Bruuns ”Folkelige Grundtanker”.
Han ville bruke livet sitt til opplysningsarbeid i bygdene. Etter ti års læretid i folkeskulen på Sunnmøre og i Idd i Østfold, vart han beden om å koma til Seljord hos Viggo Ullmann i 1898. Det vart fire arbeidssame år fram til 1902, da Telemarkens folkehøiskole vart nedlagt. Han stod utan arbeid, men hadde pågangsmotet, ikkje minst fordi han hadde møtt den unge prestedottera, Lise Høie frå Stavanger. Det gav påskuv og mot til å starte for seg sjølv. Men kvar skulle ein ta fatt?

Lokaliseringsdebatt – fleire meiner mangt

Ryktet spreidde seg i norskdoms- og folkehøgskulemiljøet at Stauri hadde planer om eigen skule.

Men fleire hadde til dels sterke og gode argument om kvar ein ny skule burde slå rot. Eitt var sikkert: på Vestlandet ville han ikkje attende, sjølv om Anders Hovden gjerne såg at han reiste til Sunnmøre. Det finst i folkehøgskulearkivet på Hundorp ein interessant korrespondanse om lokaliseringa av den nye folkehøgskulen på Austlandet. Diktaren Sven Moren og kyrkjesongar Sætre i Kvam er sentrale aktørar. Vi let breva fortelja. Morens brev er datert 10. mai og 11. juni 1902.

Sven Morens råd vart ikkje teke på alvor. Grunnane er fleire. Moren stod utanfor og hadde meiningar, men var ikkje mannen for å ta eit konkret tak. Da var det meir hald i kyrkjesongar J. Sætre, nær barndomsven frå Stryn, busett i Kvam. Det finst to brev frå Sætre frå same tidspunktet, frå mai og juni 1902, rett før avgjera om Vik blir teke. Det er liten tvil om at Sætres syn var avgjerande for at valet fall på garden Vik.

Avgjerda om å leggje skulen til Kvam vart truleg teke mellom 25. mai og 9. juni, for da ligg det føre eit nytt brev frå lærar og kyrkjesongar Jon Sætre. Nå ser alt lysare ut for folkehøgskulen på Vik hos bonden Anton Silli. Her har ein arbeidd effektivt.

Stauri hadde full tillit til Sætres vurderingar og kom til Vik utpå seinsommaren for å gjera klart til skulestart. Fyrst i august stod annonsen i Gudbrandsdølen.

Opningsannonsen for Gudbrandsdalens Folkehøgskule frå 1902 Det melde seg 40 elevar fyrste året. Elevane budde rundt om i bygda, men fekk all undervisning i hovudbygingen på Vik sett opp i 1860. Sjølv sa Stauri om bygningen: ”Den leigde skulebygningen var so bra som det gjekk an å få når det var hus som ikkje var bygde til skulebruk.” Her fanst kjøkken, skulesal, snikkarsal og husrom for styrarfamilien og tre lærarar, to kvinnelege og ein mannleg – ein skuleheim.

Søndag 12. oktober 1902

Stortingsmennene Wexelsen og Trædal stod i spissen for øvrigheita da skulen offisielt vart opna med 300 menneske på Vik. Avisomtalen i Gudbrandsdølen for 14. oktober er ein liten reportasje over to spaltar der programmet vart referert. Opningsfesten tok til med unison sang av Grundtvigs tekst som meislar ut eit folkeopplysningsprogram for skuleslaget: ”Hvad solskin er for det sorte Muld, er sand Oplysning for Muldets Frænde.” Særleg siste strofa gir skuleideologien:

Vorherre vidner at lys er godt;
som sandhed elskes, så lyset yndes,
og med Vorherre, som ler av spot,
skal værket lykkes som her begyndes;
Trods mørkets harme med strålearme
Af lys og varme vår skole stå!

Stortingsrepresentantane tala i stutte og meir offisielle ordelag. Stortingsmann Trædal trekte fram eventyret om kjerringa som skulle bera sollys i eit sold frå ute til inne, men ho fekk det aldri til. Men da ho kom på tanken om å gjera ei rute på veggen lykkast ho i å lyse opp. Trædal brukte så dette eventyret som eit bilde på folkehøgskulegjerninga for dei unge – skulen skal vera som eit sollys i livet og skine livet ut. Den mest sentrale tala hadde den framtidige skulestyraren, og han sa mellom anna dette – etter originalmanus som finst att:

Naar man skal begynde paa en ny skole, som vi nu her, kunde mange vente at faa høre et slags program for skolen. Alt er vel ikke saa sterkt nødvendig her i dalen. Her er af de første steder man kjendte de tanker som ligger til grund for folkehøiskolen. Skal nu bare minde om hovedlinjene.
Arbeidet for en øget folkeoplysning hænger nøie sammen med det folkelige fremskrids- og frigjørelsesarbeide som er eiendommelig for vor tid. Det er jo klart at saadan maa det ogsaa være.-
Samtifig med at de borgerlige og sociale rettigheder udvider, maa der ogsaa arbeides for at de flest mulige kan sættes istand til at gjære brug af disse nye rettigheder. Rettigheder medfører pligter. En reform som alminnelig stemmeret forutsætter en god folkeoplysning. Politiske rettigheder uden de fornødne betingelser for at kunde bruge dem, er et høist tvilsomt gode. Derfor ser vi at i de lande hvor folkene gaar fremad, gjøres der store anstrængelser for at øge oplysningen. Gjøres ikke det, saa vil vedkommende folk ubetinget bli liggende under i livets kamp. Det er med folkeslagene som de enkelte mennesker. De aandsvaagne og oplyste og dygtige kommer frem. De sløve og uvidende blir liggende tilbage. (…)

Så går talaren igjennom folkeopplysningstanken på 1800-talet i Norge og Norden før han held fram:

Lise og Rasmus Stauri med sine elever ved Gudbrandsdalens Folkehøgskule i Kvam 1912Folkehøiskolen vil friste paa at styrke vore bønder til mødet med det fremmede ved at give dem oplysning og dannelse saa godt den kan det paa hjemlig grund. Det har vist seg at kan skolen gi tiltagssomhed, livsmod og lyst, vil det omsætte sig i praktisk arbeide. I ungdomstiden dannes forstandsdannelsen. Sindet er et kar man kunde fylde – ungdomstiden har sin ret, som barndommen har sin. Hjælp folk til kundskap, raaber mange! Ja, det er ret nok, men kundskaper alene er ikke tilstrekkelig. Kundskapens verden er umaatelig stor. Vi kan kun tilegne oss en liden brøkdel af verdens store kundskapsforraad. Man faar da ta ind det som man har trang til og som kan kan danne grundlaget for den senere udvikling. Og det som man i ungdomstiden helst trænger til er det bærende aandsfylde ord, som kan vække og endre personlighedslivet. Og et udmerket middel hertil er fortællinger om ædle mænds og kvinders livsførelser. Derfor var det at Grundtvig vilde at paa høiskolerne skulde historien være et af hovedfagene. Historie og litteratur er bl. a fortællinger om hvordan ædle personligheder og karakterer dannes. I selskab med saadanne mennesker vil længselen efter at eie et rent og ædelt sind vokse. Tankeselskab! Noget af alt dette vil vi friste paa her.- Vanskeligheden med det kjender vi best som har forsøgt noget af det.- Skal gi hvad vi magter!