Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Herman Wildenvey (1885–1959)

Wildenvey skreiv dette diktet i all hast og med ein god porsjon humor. Det finst brev frå Herman Wildenvey også, og det er nok fordi han var ein del nytta som foredragshaldar og opplesar rundt 1950 og frametter på 1950-talet på dei nordiske sommarkursa kvart år. Det var heller ikkje ukjent at han hadde eit godt auga til kvinner, og kvinnene mislikte heller ikkje å vera der han var. Særleg var det å få høyre dikt frå hans diktarpenn ei oppleving, kunne Dagny Stauri fortelja. I månadsskiftet juli-august 1949 var ho høggravid og strauk klede ute på gardsplassen medan Wildenvey sat attmed og las dikt i solsteiken. Dette gjekk svært heilt til diktaren ikkje las meir. Ho kom til å vende seg mot han og spurde kva som var gale. «Er du sjuk?» Da var det han svara medan tårene rann nedover kjakene: «Det finnes ikke noe vakrere enn en vordende mor!»

Wildenvey likte ikkje at folk kom og prata for mykje med han – han ville sjølv vera den som søkte dei han ville prate med. Det var ein gong ein lærar på eit sommarkurs som flaug i helane på diktaren, han gneg og grov. Ein dag gjekk han bort til diktaren og sa: «Ja, du Wildenvey, eg har lese alt du har skrive!» Da svara Wildenvey i det han kikka over brillekanten: «Virkelig?»