Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Fredrik Paasche (1886–1943)

Fredrik Paasche (1886–1943). Frå 1919 til utbrotet av krigen i april 1940 var Paasche ein flittig og kjærkomen gjest på folkehøgskulen sommar som vinter. Eldre elevar vil hugse han som ein framifrå talar og inspirator, og han gjekk for å vera ein hjelpsam og god mann. Ingenting var for smått for han. Det var hjartelag i mannen – slik vart han omtala i samtid og ettertid. I tillegg var han ein lærd mann, ein framståande forskar og formidlar som sette spor på fleire samfunnsområde. Kanskje ordet forkynnar også kunne brukast om Fredrik Paasche, da han reiste landet rundt og heldt taler - på ungdomsstemne, nasjonale minnefestar, i lyd og lag i folkeopplysingsteneste så lenge han levde. Åttåt var han universitetslærar. Litterære artiklar og meldingar strødde han rundt seg i all sin produktivitet, og eit stort og rikt forfattarskap overlet han til ettertida.

Fredrik Paasche er ein av dei store i norsk middelalderforsking, og han er medforfattar i verket Norsk litteraturhistorie. (Bull og Paasche) . Han var prestesonen frå Bindal i Nordland som kom til Universitetet i Kristiania rett etter 1900, og la for dagen eit talent innafor fagområda litteratur, historie og språk. I 1910 tok han filologisk embetseksamen, og året etter stipendiat, i 1920 dosent og i 1921 professor i tysk og seinare norsk middelalderhistorie. Han var ikkje typen som låste seg inne på eit kontor og skreiv, men makta derimot å foreine ei forskargjerning med aktivt opplysningsarbeid.

Fredrik Paasche kjende godt Fron og frøningane. I 1919 kom han spaserande inn på tunet til folkehøgskulen med desse enkle orda: ”Mitt namn er Fredrik Paasche. Jeg er bedt om å holde noen foredrag her.” Etter ei veke sa han: ”Her kjenner jeg at jeg kan arbeide!” Han skreiv derfor ferdig boka om kong Sverre den hausten og vinteren. Året etter arbeidde han med kapitlet om Henrik Wergeland for Norsk litteraturhistorie på Hundorp, og i 1921 heldt han hovudtalen ved den store 900-årsfesten for kristningsmøtet mellom Dale-Gudbrand og Olav Haraldsson i 1021. Paasche gav ut boka Olav den hellige med undertittelen "Til 900 – aarfesten i Gudbrandsdalen 29. juli 1921".

Han var ein sann kristen humanist, og han makta å foreine diktaren i seg med vitskapsmannen.
Å fortelja levande er typisk for Paasche, og han skriv godt. Han levde seg inn i norsk middelalder som få, og møtet mellom heidendom og kristendom er kanskje det temaet som fengde han mest.

Brev til Lise Stauri frå Fredrik Paasche. Fleire minne lever att etter han i Sør-Fron. Da han fekk professortittelen i 1921, vart dette også feira her i bygda. Middag ville han spandere på Tofte hotell. Flott middag til kr 5.00 pr kuvert!
Da han var ferdig med litteraturhistoria, var han glad. Han budde på Hundorp, og hadde skrive i eit halvt år. Da punktum vart sett, skulle dette markerast, og ungane måtte vera med. Det vart sjokolade og kaker og ei brusflaske til kvart barn, er det sagt.

Da Hitler kom til makta i 1933, var Paasche mellom dei fyrste her til lands som såg kva som hende. Det vart ei samvitssak å seia frå om urett, bokbål, undertrykking, forfølging, konsentrasjonsleiar, jødehat og barbariet i Tyskland – landet han kjende så vel og sette så høgt.
Frå 1938 vart han saman med Odd Nansen den leiande i ”Nansenhjelpen”.

Så kom 9. april. Frå heimen sin på Ramstad ved Oslo drog heile familien nordover, fyrst til Gjøvik og derifrå til Hundorp, der han møtte Anders Wyller og Sigrid Undset. Paasche var konsulent for dei historiske romanane hennar. Det er fortalt at Sigrid Undset stod ute på gardsplassen, strekte hendene mot ein uroleg himmel og sa ”Gud bevare Norge” før dei måtte nordover,- fyrst til Otta, der Paasche heldt ei radiotale. Paasche slutta si tale slik: ”Vårt pinte land: midt i sin nød, sin dype lidelse, er det lykkeligere enn mange andre. Vi går en tung vei. For det er oppstigningens vei…..”

Han kom seg over til Sverige, og slo seg ned i Uppsala saman med si svenskfødde kone, Stina Mørner Paasche og dei to ungane. Frå sitt sete i Uppsala brukte han all tid til å opplyse om og tale Norges sak. Han vart fast knytta til Uppsala Universitet, vart rektor for eit norsk gymnas for flyktningar. Han døydde i 1943, men i 1945 vart urna hans sett ned tett ved Henrik Wergelands grav i Oslo – og det var ikkje tilfeldig. Her var nært åndeleg slektskap. Francis Bull sa i si gravtale om kollegaen:
”Han er lagt i Norges jord, og i lysstripen som ligger etter ham vitner vi: Han var en edel mann.”