Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Einbusamlinga på Hundorp
Gudbrandsdalens Folkehøgskule flytta frå Vik i Kvam til Hundorp i 1915. I 1920-åra vart skuleanlegget modernisert og bygd ut trass i trong økonomi. Folkeopplysning på nasjonal grunn var sentrale verdiar i folkehøgskulen, og folkeopplysningstanken bestemte motivval og uttrykk i det sentrale klasserommet på skulen.
Grunnleggjaren av Gudbrandsdalens folkehøgskule, Rasmus Stauri (1867–1932) spurde derfor Ragnvald Einbu om han kunne dekorere klasserommet med motiv som stod til dei sentrale skulefaga i folkehøgskulen, litteratur og historie. Rommet skulle tene til inspirasjon for tankelivet til dei unge – få dei til å tenkje over sider ved den nasjonale kulturen og norsk eigenart. Einbu takka ja til denne utfordringa, og kom til Hundorp på vårparten 1924. Han gjorde alt ferdig same året.
Skulesalen fekk i alt 20 måleri. 13 er større og har eigne titlar, og fleire av dei har berre tekster på norrønt henta frå Heimskringla. Åtte mindre måleri er plasserte over glasa som naturdekorasjonar (sjå fotnote). Det var skulestyrar Stauri som saman med Ragnvald Einbu valde ut motiva, og professor Fredrik Paasche var med som fagperson i dette arbeidet. Ein har henta inspirasjon frå Theodor Kittelsen (”Jutulen og Blessomen”) og frå Erik Wærenskiold, men dei fleste er originalt tenkt ut. Måleria er måla direkte på lerret festa til veggen. Slike måleri festa til trevegger på denne måten er heller uvanleg her til lands i dag.
Plasseringa av måleria i skulesalen var gjennomtenkt i 1924. Fleire måleri hentar motiv frå naturen utomdørs, mens andre ligg i geografisk rett retning til opphavet på måleriet. Her har ein teke omsyn til både storleik og lys, og desse 20 måleria i skulesalen skapar ein gjennomtenkt heilskap. Denne salen heiter i dag Einbu-salen.
Etter ei omfattande restaurering i 2002 av Bjørn Erik Kampen ved De Sandvigske Samlinger på Maihaugen er alle måleria og salen ført attende slik han såg ut i 1924. I dag blir salen ein god dokumentasjon på tenkemåte og skuleideologi i den tidlege folkehøgskulen, og er derfor av skule- og kulturhistorisk stor verdi.
Eit måleri med havmotiv er sett inn i 1999 over glas mot nord, og er måla av bildekunstnaren Anne Kristine Thorsby frå Sør-Fron.
Ragnvald Einbu
Ragnvald Einbu vart fødd på Lesjaskog i 1870 og døydde i 1943. Foreldra var gardbruker og furér Peder Enebo og Marit Syversdatter Kvam. Dette fordanska etternamnet vart i 1925 endra til Einbu etter at han hadde fått impulsar frå norskdomsmiljøet, ikkje minst i folkehøgskulen. Faren kjøpte garden Silli på Lesja i 1889, og da den eldste broren, Johannes, tok over farsgarden Einbu, flytte dei yngre søskena dit. Ragnvald Einbu var berre 16 år gammal da han reiste til Trondheim i målarlære hos målarmester Holst. Der vart han verande i tre år, og lærte om måling av vanleg innbu og hus. Men Einbu var ikkje fornøgd med berre målararbeid.
På Lesja har det frå gammalt vore rik treskurd og rosemåling, og sansen og forståinga for denne delen av bygdekulturen vart vekt. Det vart helst om sommaren han dreiv med målararbeid. Om vintrane vart det mindre av den slags. Ein vinter han og ein kamerat låg på rjupejakt i fjellet, tok han til å skjera figurar av tre. Nokre av desse figurane fekk bilethoggar Skeibrok sjå i Husflidsforeningen i Oslo. Skeibrok var da lærar ved Kunst og håndverksskolen i Oslo, og han skaffa Einbu friplass ved skulen ein vinter. Der lærde han teikning og modellering. Denne undervisninga fekk mykje å seia for utviklinga hans. Med den rike fantasien sin kunne han etter kvart skapa dei underlegaste troll og figurar av ei trerot. Desse vart etter kvart kjende vidt utover. Han hadde også ei utstilling hos kunsthandlar Blomquist i Oslo på denne tida.
Direktør Anders Sandvig på Maihaugen såg talentet hans, og Einbu fekk etter kvart mange oppdrag der. Han fekk restaurere rosemålinga i Isum-kapellet og prestestova på Maihaugen. Han hadde også mykje arbeid i Garmo stavkyrkje, da ho vart reist i 1921. Da han gifta seg i 1915, var ekteparet Einbu dei fyrste som vart vigd på Maihaugen, og dei einaste i Isum-kapellet. Til jubileumsutstillinga for unionsoppløysinga med Danmark i 1914 laga Einbu også ein modell av De Sandvigske Samlinger på Maihaugen. Denne kom visstnok til Amerika.
Ragnvald Einbu har vore med i restaureringa av fleire kyrkjer. Lesjaskog kyrkje var truleg den fyrste. Han arbeidde seinare i Kinna kyrkje i Sunnfjord, Vivestad i Vestfold,og i mange kyrkjer elles: Dovre, Fåvang, Venabygd, Vågå, Ringebu, Kvikne i Nord-Fron, Nord-Sel kyrkje og Eid i Romsdal, Rjukan, Øvre Rendal, Folldal, Dalholen og i Mesnali kyrkje. Arbeidet i Lesja-kyrkja er nok av dei største arbeida til Ragnvald Eibu. Innimellom desse arbeida hadde han mange andre dekorasjons- og utsmykkingsoppdrag. Mellom dei fremste av desse arbeida er Kaffistova i Oslo, Trondenes folkehøgskule, kommunehuset i Åmli, Vågåmo skule, Isum gard på Hundorp, tre skular i Lesja og ved Marlo skule i Skjåk.
Han har også dekorert ungdomshus og private heimar. I over 20 år var han timelærar i måling ved Hjerleid husflidskule på Dovre, og tallause er dei skåp og møblar han har sett roser på. Vinterstid var ein god arbeidsbolk for Einbu, mellom anna kopierte han mange av biletteppa på Maihaugen. Våren og sommaren i 1924 gjorde han dekorasjonsarbeidet ved Gudbrandsdalens folkehøgskule på Hundorp.