Stykkebakken - utvandring

Dei tre ungane til Benedikte Bakken som reiste til Amerika: Inga, Martin (Baker) og Birgitte (Bessie Baker). (Fotograf: ukjend) I tidsromet 1825 - 1855 vart folketalet i Gudbrandsdalen nesten dobla. Frå 1836 til 1840 var det uår og stor naud i dalen. Det vart uråd å skaffa såkorn, og matmangelen var uløyseleg. Mange husmenn måtta slakta buskapen. Resultatet var å flytta til område med sikker tilgang på mat. Folk frå Gudbrandsdalen reiste hovudsakleg nordover eller til Amerika. Nokre søkte til dei største byane i Noreg. Amerikabreva, fotografi og norskamerikanske aviser fortalde nytt.

ASMUND BAKKEN (1902 - 1985)

Asmund var sonen av den siste brukaren på Stykkebakken. Asmund var dagarbeidar og stelte for Benedikte då ho vart gamal. Han vart aldri full arbeidskar etter at han fekk poliomyelitt i barndomen. Asmund heldt kontakten med søstera Inga heilt til 1958 då ho vart sjuk, og skrivinga tok slutt.

Asmund Bakken på jernbanestasjonen (Foto: GD) Asmund Bakken med pipa (Privat foto)

INGA (1890 - 19xx) OG MARTIN (1886 - 19xx)

Martin reiste til Amerika (i 1903), 17 år gamal. Han besøkte Noreg og Stykkebakken att i 1976. Då var han 90 år. Gudbrandsdølen/Lillehammer Tilskuer hadde eit intervju med han om noregsopphaldet. Martin og Asmund møttest, og naboane laga fest. I eit brev etterpå skreiv Martin om kor minnerik ei stund dette vart.
Inga var hushjelp i Chicago. Ho var heime ein gong i 1912. Inga var den einaste av ungane som sende brev og pakkar heim med klede, tobakk, mat og pengar. Det siste brevet kom i 1958.

Brev frå Inga til mora Benedikte og Asmund:

Brev side 1 Brev side 2 og 3 Brev side 4

kirsti krekling, okt. 2006