Stykkebakken

Stykkebakken

HUSMANNSVESNET

Folkeveksten i Noreg var stor på 1700- og 1800-talet. Husmannsvesnet var ein måte å løysa problemet i bondesamfunnet på. Når garden ikkje lenger kunna delast, var det ei løysing at yngre søsken fekk ein husmannsplass. Dei kunna livberga seg, dei fekk ein heim, og dei vart ein arbeidskraftreserve for landbruket. Ein stor gard kunna ha fleir enn 10 husmannsplassar. Husmannen leigde husa og ein liten jordlapp. Plassane låg helst der det var dårlegast jord og minst sol. Husmannen hadde avtale med bonden om plikter og rettar ut frå ein husmannskontrakt.

STYKKEBAKKEN

Husmannskontrakt Stykkebakken var husmannsplass under garden Nedre Bø i Vestre Gausdal og vart aldri kjøpt ut. Han var gjenoppført på Maihaugen i 1987. Plassen har fire hus: stovebygning, fjøs, låve og utedo. Fjøset kjem frå nabobruket Bergli. Innreiinga er som då siste brukaren, Asmund Bakken, budde der. Det finnest fleire husmannskontraktar for plassen. Den eldste daterte er frå 1872.

BENEDIKTE (1862 - 1943)

Husmannskontrakt Benedikte var av husmannslekt. Folketeljingane viser at ho budde på ulike husmannsplassar før ho flytta til
Stykkebakken i 1902 saman med mannen sin. Ho hadde fem ungar, var gift og vart enke to gongar. Tre av ungane hennar reiste til Amerika, Birgitte, Martin og Inga. Dottera Karen døydde av tuberkulose då ho var 27 år. Yngsteguten, Asmund, vart att heime hos mora. Benedikte tente pengar med å baka lefse og flatbrød for folk i grenda.

Dødsattest

kirsti krekling, okt 2006