Skoler i Sel:
Otta skule

Om Otta skule i Sel fra en undersøkelse gjort av Skulehistorienemda i Noregs Lærarlag i 1950:

Skulehuset vart bygt i 1923. Gamle dagbøker viser at det var ei småskuleklasse i Nygård i 1886. I 1891 er skulen flytta til Loftsgård s. I 1906 har det vorte 2 klasser, og i 1915 vart det 3 småskuleklasser. I 1921 kom det attott to klasser i storskulen, og frå 1924 er skulen 7-delt, med to eller fleire parallellklasser frå 1936, da Åsaren skule vart lagt attåt.

Skulehuset vart rekna for å vera tidhøveleg i 1923, og vart utstyrt som ein vanleg landsskule, med ein- eller tomannsbenker.

[Det finnes dagbøker fra 1886 og skoleprotokoller fra 1923.]

Lærarar:

  • Kari Ulmo frå Ulmo i Sel var den fyrste. Ho arbeidde i småskulen frå 1886-1923. Deti yrste åra hadde ho dessutan skule i Solheim og Ottadalen (Sørligrenda), seinare Åsaren. Sjå o dette under Solheim og Åraren.
  • Anders By 1921 - 1938. Frå Ekne i Trøndelag og dit flytte han i 1938, men kom att som lærar i framhaldsskulen i 1941. Slutta for sjukdoms skuld i 1943. Vart seinarer lærar i framhaldsskulen i Lillehammer.
  • Pål Drivenes 1923-27. Frå Beekkjarvik i Sunnhordland. Tidlegare lærar i Solhjem og frå 1927 lærar og kyrkjesongar ved Selsverket.
  • Ida Formo frå Sel (seinarer fru Müller ble tilsett i 1924.
  • Marit Kleiven frå Sel. Tilsett i 1924 med ei klasse på Otta og ei i Åsaren. Frå 1936 full post ved Otta.
  • Fru Ottesen 1922-23.
  • I 1923.24 var det mange kvinnelige vikarar.
  • Johan Kvåle. Frå Sogndal i Sognæ Tilsett 1927. Avsett av N. S. styresmakter i 1942. Tok til att i 1944 utan å vera tilsett. Tilsett att i 1945.
  • Arthur Janson. 1936-1949. Flytta hit frå Åraren skule. Døydde i nov. 1949.
  • Kristen Øiberg 1938-1949. Frå Sel. Tidlegare lærar i Rosten. Døydde i 1950.
  • Live Mohn frå Vågå (seinare fru Kvåle). Vart flytta frå Solhjem i 1939, men posten vart inndregen i 1942., og ho fekk post i Nord-Fron. Kom att som husstell-lærarinne i framhaldsskulen i 1948.
  • Nils Grotnes frå Mo i Rana 1941-46. Tidlegarer lærar i framhaldsskulen i Sel, og frå 1946 post i framhalddskulen att.
  • Olav Munngjel. Frå Lom. Tilsett 1950.
  • Skoler i Sel:
    Otta skule