Skoler i Sel:
Åsåren skule

Åsåren skole i Sel ble nedlagt rundt 1940.

Åsåren skule tidlig på 1920-tallet. Lærer Arthur Janson. (Foto: eier Ola Tamburstuen, Sel historielag)Informasjon om Åsåren skule fra en spørreundersøkelse foretatt av Skulehistorienemda i Noregs Lærarlag i 1950:

Skulehuset er bygt i åra 1870-75. Før denne dida var det omgangsskule eller leigde skulerom. Klasseromet var i austre enden. I vestre enden var det to bustadrom, men det har visst aldri butt lærarar der. Da skulen vart 3-delt i 1891, vart desse to roma slegne saman til eit klasserom.

I 1890-åra hadde klasseromet veggtavle, kuleramme, kart, truleg halvkulekart, kateter, langbenger og vassbytte med drikkeause.

Det stod ein gamaldags kleberomn i romet. I 1890-åra budde det to menneske i vestre enden, og desse hadde truleg reinhaldet.

[Det finnes dagbøker fra 1890 og skoleprotokoller fra 1907 i kommunearkivet.]

Huset vart ikkje så mykje brukt til møte, basarar o.o. i den fyrste tida. Fyrst i den seinare tida vart det brukt til juletrefestar og 17. mai. No har Ottadalens sanitetsforening kjøpt huset, og det blir brukt som møtelokale for krinsen.

Skulen hadde ikkje leikeplass før i 1920-åra. Det vart ikkje drive gymnastikk eller skyteøvingar.

Etter det ein kan finne ut av dagbøkene, ser det ut til at skulen var udelt til 1890- I 1891 blir skulen todelt, og i 1913 tredelt til skulen vart nedlagt i 1936.

Lærere:

  • Thore Kolstad, vonleg frå Lesja, var lærar frå skulehuset var bygt og ut 1910. Han var lære i Solhjem på same tid og gjekk mellom desse krinsane. Han hadde gått lærerskule, kanskje Stord.
  • Kari Ulmo, frå Ulmo i Sel, hadde småskule 1891-1907. Ho hadde på same tid småskule på Loftsgård, Otta. Hadde lærarskule.
  • Gunhild Sørlie, frå Lalm, var lærarinne her ei stutt tid. Ho kom sia til Nord.-Sel skule og vart verande der.
  • Marie Skisseng var der ei skutt tid, og kanskje fleire.
  • Anton Fjordholm, januar 1911 til september 1911. Tidlegare lærar i Rosten.
  • Arthur Janson, frå Drammen. Frå 1912 til skulen vart nedlagt i 1936. Han vart da flytta til otta, og var lærar der til han døydde i november 1949. Han var ordførar i Sel i 9 år.
  • Marit Kleiven frå Sel hadde 1. klasse 1924-36. Ho hadde på same tid ei klasse på Otta, og der fekk ho fullpost frå 1936.
  • Skoler i Sel:
    Åsåren skule