Maallaget i Austre Gausdal – A-00214

Arkivet etter "Maalaget for Austre Gausdal" vart gjeve til Opplandsarkivet i 1982 og omfattar i alt to bøker.

Protokollside fra møteprotokoll for Maallaget i Austre GausdalEi skrivebok har hatt to funksjonar. Byrjar ein framme i boka finn ein oversikt over "Lags-lemer i Maallaget for ø/Gausdal" og betaling av kontingent frå 1900 til 1930, men snur ein boka og byrjar bakfrå, finn ein rekneskap for laget for tida 1900 - 1928. Den andre boka i arkivet er ei "Sak-Bok" kor vi kan fylgje laget frå det vart stifta til årsmeldinga for 1931, ein periode på drygt 30 år.

Maallaget i Austre Gausdal vart skipa 19. november 1899 på eit møte på Vold skule. 20 teikna seg som medlemmar etter at ein av initiativtakarane, Ivar Blekastad, hadde helde tale om målsaka og minna om kampen som Bjørnstjerne Bjørnson nett hadde reist mot "denne vor største nationale sak". Vedtak av lovar og val av styre vart derimot utsett til eit seinare møte sidan dei visste at det var fleire som ville vera med, som ikkje hadde møtt.

Møteprotokollen gjev oss eit innblikk i kampen for å få landsmål inn i kyrkja og skulen. På årsmøtet i 1905 vart det vedteke at det nye styret skulle søkje om å få Blixsalmar inn i kyrkja og at det skulle samlast underskrifter til støtte for dette. I juli 1906 vart det halde avrøysting i Gausdals hovudkyrkje. Resultatet vart 54 for og berre 1 mot. Dette arbeidet fortsatte, det ser ein når ein les vidare i boka.

Mållaget arbeidde aktivt med å få landsmålet inn i skulen heilt frå starten og det gav resultat. 12. juli 1908 vedtok Austre Gausdal skulestyre at landsmålet skulle vera hovudmål i skulen frå 1. april 1909. Men dette var ein kamp som heldt fram. Møtereferatet frå 23 desember 1917 fortel at det skal være avrøysting i Segalstad skulekrins om at dei skal "kaste" ut landsmålet og at dei arbeidar med det same i Follebu. "So no fær vi krig".

"Aa faa maalkunnige menn til aa halde foredrag" var ei oppgåve for laget, og dei skaffa talare og foredragshaldare både til eigne møter og elles i bygda. Dette var både lagets eigne medlemmar og folk utanfrå. Ein av desse var statsminister Løvland som tala for fullt hus på Haug i 1908. Bjørnson hadde på ny reist kamp mot målet, men Løvland tala "saklegt, rolegt, med full vyrdna for motmennerne og fekk sterk fagning". Nokre av dei andre talarane var mellom anna Olav Aukrust som heldt foredrag om Christopher Bruun og Sigurd Einbu som heldt "astronomisk" foredrag i Valhall og på Myrvang om Stjerneuniverset.

Laget var og politisk interessert. På årsmøte 2 febr. 1923 vert det samrøystes vedteke å sende eit skriv til Stortinget om at; "Austre Gausdal Mållag ventar at Stortinge gjev alt som gjerast kan til at Noreg ikkje må misse sin gamle historiske rett til Grønland".

Dette er berre nokon små smakebitar frå "Maallaget i Austre Gausdal", men er nokon interessert i å sjå nærare på arkivet, kom til Opplandsarkivet på Maihaugen.