Terjes hjemmeoppgave:
Pengeloddet

Terje Heltzen Wold- To kilo kveitmjøl, ein halv kilo margarin, fire spekesilder… Ho las frå lappen ho hadde funne i pungen. – og ei mork kaffe. –Kaffe kan du få, men har du merker? Ho rota i pungen og la fram merkene. Det var rasjonering ennå på slike utanlandske varer. Ottar fann fram. -Det blir… Før han fekk sagt meir tømde ho pungen på disken. Det var to kroner og nokre mindre myntar. - Det er dette eg har, sa ho lågt, men bestemt. Eg kjende at dette var noko eg helst ikkje skulle sjå. Eg var vitne til noko som høyrde dei vaksne til, og som var pinsamt. Ottar visste at det var slik. Når ho sa ho ikkje hadde meir var det ikkje meir. Ikkje meir å snakke om heller. Med lite eller inga inntekt og fleire ungar i skulealder vart det dårleg stell. Ja, ikkje dårleg på annan måte enn for lite pengar. Det var ikkje mange andre i butikken, men alle skjøna kva som hende. Det vart liksom heilt stilt, alle såg , men ville ikkje sjå. Ottar tok pengane og gjekk mot kassa og slo inn det han hadde fått. Praten kom i gang att - Det er i orden Kari, sa han lågt, - du vart skuldig to kroner og femotredve øre, så får vi sjå om det ordnar seg. Kari såg ikkje opp, men tok det ho hadde kjøpt, la det snøgt i veska og gjekk.

Eg var ti år. Det var ikkje lett. Ikkje nå, etter dette.

Eg gjekk ut på butikktrappa. Der var det fleire som stod og såg

- Døm har fått seg traktor på Midtvold, men ’n Pær tør nok itte bruke ’n hit så ’n fær fylt bensin, var det ein som sa, lågt. Det var kanskje like risikabelt å bruke hest nå til dags, i alle fall var det mange hestar som vart skremde når dei møtte bil, dei flaug avlaust, som dei sa. Der stod Per oppe i kjerra med hesten i skjækene og fylte bensin på ei tohundre-liters tønne. Gampen hadde fått ein høydott for å stå i ro. Per sto trygt i kjerra. Det var to andre hestar som stod bundne lenger borte. Tre-fire syklar stod inn til gjerdet og folk kom og gjekk. Butikken var ein møteplass, her var postkontoret og bakeriet. Viss du skulle ringje og ikkje hadde telefon laut du hit for sentralen var også her.

Eg gjekk ned til hestane. Dei var så rolege og trygge der dei stod, med mulen ned i høysekken. Eg strauk den eine over ryggen, varmt og godt var det i haustveret. Eg tenkte på det eg hadde opplevd inne: Kari som ikkje kunne betale. Eg tykte så synd i henne. Brått fossa det ned, lyden og lukta kom, så skjønte eg: Hesten pissa. Han meig. Eg skvatt vondt og la på sprang, og stoppa ikkje før eg var på øversida av huset, under verandaen. Der var eg trygg.

På kjøkenet sat Ottar og Margit med kaffe og wienerbrød. Johanne serverte.

- I dag var han Oskar her att. Og jamen skulle han ha resten av gjerderullen i dag. For ei veke sidan var han her og ba meg dele ein slik rull. Det var nå greit, men i dag fekk han resten. Han visste vel at den halve vart for lite så kunne han tatt heile rullen med ein gong?
- Han hadde vel ikkje meir å betale med da kanskje, i førre veka.
- Betale? Han betalte ingen ting. Han skriv. Han skreiv da og skreiv i dag. – Kari hadde ikkje nok pengar i dag, sa eg. - Ja, du såg det ja. Det er ikkje greit der i garden, og det er ikkje første gongen. Ho prøver så godt ho kan stakkar ,men det går berre ikkje.

Det banka i golvet frå butikken under. – Ja, vi kjem, itte mas, sukka Ottar. Det var andre som også skulle få seg kaffe og ein liten kvil. Eg tok følgje med Ottar ned. Han spurde om eg kunne vera med og vega opp mjøl. -Vi skal vega opp trekilos rugmjøl. Sjå her. På lite grann så stod det tre posar fylte med mjøl på benken. Eg tok skolven og dryssa litt meir mjøl i posen. – Du Ottar, er det ingen som hjelper ho Kari når ho har så lite pengar? -Nei, kven skulle det vera. Mannen hennes har da nok å gjera, og kan sikkert tene meir på det. Men dei seier at han er for snill til å ta seg betalt når han hjelper folk. – Kva gjer han da? - Han er smed, flink smed. Det vart stilt mellom oss. Ottar tok mjølposen av vekta. - Vi er ikkje så nøye om det går over streken. Men vi må vera heilt sikre på at det er nok. Er det eitt gram for lite kan du vera sikker på at vi får klage.

– Ja nå skal du ha takk for hjelpa. Vi har ikkje plass til meir enn dette i ein gong. Kanskje nokre femkilos seinare i dag, viss du vil. Eg var glad eg slapp, men også glad for å få vera med.

- Så du skal male storstugua skjønar eg. Ottar stod med gråpapir-posen og vog opp malingspulver. – Ja, ikkje storstugua akkurat, men kjæringa vil ha maling i gangen, og da sa ho at oker vil bli fint. Og ho veit det.. Og så skal eg ha ein halv kilo kitt og glasstift. Både malingspulveret, kitten og glasstiften blir pakka inn i eit kraftig gråpapir. Ottar skriv ned alt han finn fram. – Har døkk fått att spekesild? –Ja, vi fekk ei tønne i går. Fin sild har eg høyrt. – Da skal eg ha tre stykkje. Ottar riv av eit stykke matpapir og forsvinn i kjellaren, kjem opp att med sild og pakkar inn med gråpapir.
- Var det noko meir da? -Ja har du att halvlodd?
- Ja, det er berre den tolvte i dag, så det kan du få. Ottar henta blokka, og reiv av eit lodd. - Nå trur eg du var heldig med nummeret, dei tre siste sifra er tre, fire , fem. Det vinn du på.

Matklukka på Sønstevold ringde til middags, da var klokka var halv to og da var det også mattid for butikkfolk. Eg gjekk opp saman med Ottar. – Du Ottar, er det mange som vinn i pengelotteriet? – Nei, ikkje mange, men det hender da det. Den største gevinsten er femtitusen. Det har eg aldri høyrt at nokon har vunne, men det er ikkje sjeldan at nokon her omkring vinn femti kroner. Viss dei har kjøpt lodd da.

- Eg skulle ha tre slåmaskinblad au, sa karen. Kva slags maskin har du da, spør Ottar. – Det skal vera slike blad. Karen tek fram eit blad med to store hakk i. Det hadde nok hatt eit hardt møte med stein. – Slike blad har vi nok ikkje å selja, seier Ottar. – Har døkk slåmaskinblad, må døkk da vel for fanken ha slike blad. Dette er da det mest vanlege her i Gausdal så vidt eg veit. Karen blæs seg opp. – Vi har nok blad til maskina di, men ikkje med slike hakk i, seier Ottar roleg og går ut og hentar tre nye blad. – Der tok han meg! Karen vende seg til meg. - Du trivst visst saman med han Ottar du, ser det ut til. – Ja, eg synes det er fint, og så får eg høyre litt av kvart da veit du, sa eg. Å ja, det gjer du sikkert viss du står her ei stund. Karen verka hyggeleg, så eg våga meg til: - Har du vunne i pengelotteriet nokon gong? – Ja, det skal eg seie deg at eg har. Ein gong femti kroner og ein gong hundre kroner. Femti lappen i fjor og hundre lappen… ja, det er nå vel fem-seks år sidan. Ottar kom inn att, med slåmaskinblada og mannen betalte.

Butikken skulle stenge for dagen, Ottar tømde kassa og rekna opp det som var der. – Du Ottar, trur du ho Kari kan vinne i pengelotteriet? – Ja, alle kan vinne viss dei har lodd. Men ho Kari kjøper aldri pengelodd, det er heilt sikkert. Ho kan ikkje bruke fem som kroner på noko så risikabelt, skjønar du. – Men viss eg… du skjønar at eg har fått fem kroner så eg kan kjøpe meg ei Davy Crockett-bok på Lillehammer når vi skal dit ein dag, men eg kan kjøpe eit pengelodd som ho kan få og så kan ho kanskje vinne og så kan ho få litt betre råd.! Ottar vart heilt stille. – Du er nå omtenksam au, men … - Ho kjem sikkert på butikken i morgon og da kan du gi henne loddet saman med det ho kjøper! - Men kva skal eg seie til henne, ho kan ikkje berre få loddet?
-Si at det er frå ein som synes ho har fortent det. Ottar drog på smilen. – Ja. Jau, sidan du er så omtenksam så. Har du femkroningen din her? Eg gav han den blå setelen.

Dagen etter sto eg ute og følgde med. Kari kom til same tid kvar dag, eller nesten kvar dag. Ho hadde tre gutar heime og ein mann, så dei trong om ikkje anna fersk mjølk som ho bar heim i litersflasker. Der kom ho! Eg våga ikkje stå på den vanlege plassen min i dag. Eg fann ein plass der eg kunne sjå henne frå, men ho kunne ikkje sjå meg. Ho handla, og Ottar var den som ekspederte. – I dag har eg pengar, sa ho, og fann fram, ikkje for mye og ikkje for lite. – Men gjelda mi må få stå litt til, sa ho lågt. – Da passar det kanskje bra at det er ein som synes du har fortent dette, sa Ottar, tok pengeloddet og la det saman med ein pose med makaroni ho skulle ha og pakka inn. Kari vart kvit i ansiktet. Det snurpa seg liksom saman. Det var som alt knytte seg i andletet og heile kroppen. Eg merka det og, og eg venta på at noko meir skulle hende. Kvifor vart ho så rar? Ho såg på Ottar, ho såg rådlaust rundt seg, ikkje ein lyd. Ho pakka varene ned i veska. Det vart like stilt i butikken nå som da ho ikkje hadde nok i pungen. Ho gjekk raskt mot døra og ut. – Ja, ja, det er ikkje greit, sukka Ottar for seg sjølv.

Kari kom ikkje på butikken etter den dagen. - Eg er sikker på at ho har vunne femti kroner, for eg merkte meg dei tre siste tala på loddet, og det er dei som gjeld for minste gevinsten. Men ho har nok slutta å handle her.


Inspirert av:
Arne B. Nilssen: Den nye butikken. En tradisjonsrik næring i ekspansjonens tegn
Utgitt i anledning av Lillehammer Handelsstands Forenings 125-års jubileum. 1978. ISBN 82.72448.003.4