Handelshuset Marselis:
Kopar og kvernsteinar i Vågå og Sel på 1600-talet
(sammendrag)

av Ivar Teigum

Det nederlandske handelshuset Marselis hadde økonomiske interesser i dei norske fjellbygdene Vågå og Sel i perioden 1652–1685. I fire år på 1650-talet hadde Selius Marselis Det gudbrandsdalske koparverket i Sel i pant frå den danske kongen. Broren Gabriel tok pant i garden Tolstad i Vågå med eit verdfullt kvernberg i 1661. Denne eigedomen åtte familien fram til 1685.

Gabriel Marselis (d. 1643) var grunnleggjar av ei av dei største bankierforretningane i Europa på 1600-talet. Selius (1602–63) var den andre av fire søner. Saman med brørne førde han vidare handelsverksemda til faren.

I 1632 gjorde kongen avtale med statthaldaren og dei andre lensherrane om rett til opptak av bergverk og tiendefridom når det vart oppdaga malmførekomstar i lenet deira. Motkravet var leveringsplikt til krona. Drifta var avhengig av at bønder i distriktet kring bergverka køyrde malm og andre varer, og at dei hogg og skaffa fram ved og trekol.

Ikkje før var Hannibal Sehested avsett frå stillinga si som statthaldar i Noreg i 1651, så sette den nye statthaldaren forhandlingar i gang med Marselis om forpakting av gruvedrifta i Gudbrandsdalen. Selius Marselis fekk forpakte koparverket i fire år med ein klausul om nye forhandlingar etter tre år om eit framhald på dei same vilkåra.

I 1661 var garden Tolstad i Vågå ein del av jordegodset som kong Frederik III pantsette til forretningshuset Gabriel Marselis i Amsterdam. Garden var den største i prestegjeldet, og var skyldsett til 7 huder. Da var det medrekna eit berg med granatglimmerskifer som i lang tid hadde forsynt ein stor omkrins med kvernstein. Leiglendingen på denne tida var Hans Pålsson Tolstad (1625–1695). Han høyrde til eliten blant bøndene.

Marselis var ein aktiv eigar på Tolstad. Tredje kvar stein var den leveransen som Marselis i samsvar med tradisjonen kravde som avgift av pantet. For dei leveringspliktige steinane skulle forpaktaren ha ein fast sum i betaling, 24 riksdaler eller tilsvarande verdien av åtte kyr. I året 1673 går det fram at landherren berre ville betale 16 riksdaler for tiendsteinen. Han hevda at kvaliteten på dei innleverte steinane ikkje heldt kvalitetsmåla. Derfor kravde han nå erstatning i reide pengar av bonden på Tolstad, og eventuell utestenging frå berget av hoggarar som ikkje var villige til å betale leige.
Frå 1685 var Pål Tolstad eigar av kvernberget. Sjølv under strenge landherrar hadde han greidd å bli ein av dei rikaste mennene i Gudbrandsdalen.

Norsk tekst Nederlandstalig English text