Handelshuset Marselis:
Kopar og kvernsteinar i Vågå og Sel på 1600-talet

av Ivar Teigum

Det nederlandske handelshuset Marselis hadde økonomiske interesser i dei norske fjellbygdene Vågå og Sel i perioden 1652–1685. I fire år på 1650-talet hadde Selius Marselis Det gudbrandsdalske koparverket i Sel i pant frå den danske kongen. Broren Gabriel tok pant i garden Tolstad i Vågå med eit verdfullt kvernberg i 1661. Denne eigedomen åtte familien fram til 1685.

Handelshuset Marselis

Nederlendaren Gabriel Marselis (d. 1643) var grunnleggjar av ei av dei største bankierforretningane i Europa på 1600-talet. Selius (1602–1663) var den andre av fire søner. Saman med brørne førde han vidare handelsverksemda til faren. I Store norske leksikon skriv Anne Hilde Nagel at på 1630-talet, under trettiårskrigen i Europa, selde brørne våpen og kopar til fleire av dei krigførande partane. Dei dreiv kornhandel over hele Europa, og i 1640-åra dominerte dei trelasteksporten fra Noreg til Nederlanda.

I 1644 busette Selius Marselis seg i Christiania. Der fekk han utstrekte særrettar av kongen. På vegner av kongen skreiv statthaldaren Hannibal Sehested i 1644 kontrakt med Marselis om leveranse av fire orlogsskip med full utrusting og mannskap. Sidan synte det seg at Marselis hadde snytt krona for nær 50 000 riksdaler. Omkring 1650 reiste Selius Marselis varehus og bustaden Marselienborg med praktpark i hollandsk stil i Christiania Bymark der mellom anna Eidsvolls plass nå ligg. I 1653, seks år etter oppstarten, oppnådde Selius Marselis å bli utnemnt til inspektør og direktør for det nyleg oppretta postvesenet i Noreg. I 1660 var Marselis-familien dei største godsinnehavarane i landet. Det kom mange klager over at dei gjekk hardt fram og at dei auka både pengeavgifter og arbeidsbører.

Det gudbrandsdalske bergverket i Sel

Utsnitt av Noregs eldste gruvekart frå 1647, teikna av Sebastien Span, Det gudbrandsdalske koparverket i Sel. (Kjelde: Riksarkivet)Bergverksdrifta i Norge på 1600-talet var frå førsten på statens hender. Ekspertise vart henta frå Tyskland. Men i 1632 gjorde kongen avtale med statthaldaren og dei andre lensherrane om rett til opptak av bergverk og tiendefridom når det vart oppdaga malmførekomstar i lenet deira. Motkravet var leveringsplikt til krona. Drifta var avhengig av at bønder i distriktet kring bergverka køyrde malm og andre varer, og at dei hogg og skaffa fram ved og trekol.

Privileg og gruveanlegg

Retten til å setja i gang gruvedrift i Sel frå 1642 vart gjeven til eit partisipantskap av velhaldne personar i kongens krins. Privileget omfatta elles heile Gudbrandsdalen dersom malmførekomstar skulle bli oppdaga. I Riksarkivet finst eit rekneskapsoversyn som viser drifta ved koparverket i Sel frå 1642 til 1652. Etter oppstarten vart det frå 1644 produsert nær 315 tonn rein kopar. Investeringar og utgifter hadde kome opp i ein samla sum på godt og vel 67 000 riksdaler. Verdien av den produserte garkoparen til i 1652 var 91 614 riksdaler medan verdien av varebeholdning og utstyr i tillegg var sett til 32 087 riksdaler. Det samla overskotet frå oppstarten til 1652 var dermed på 56 575 riksdaler. I åra 1646–1651 var det Christian IV sin eigen svigerson, stathaldaren Hannibal Sehested, som hadde privileg på drifta.

Ikkje før var Hannibal Sehested avsett frå stillinga si som statthaldar i Noreg i 1651, så sette den nye statthaldaren i gang forhandlingar med Marselis om forpakting av gruvedrifta i Gudbrandsdalen. Selius Marselis fekk forpakte koparverket i fire år, og ein klausul om nye forhandlingar etter tre år om eit framhald på dei same vilkåra. I privilegiebrevet til Selius Marselis i 1652 er leveringsplikta til bøndene i Lom, Vågå og Fron uttrykkeleg nemnd. Og ikkje før var kontrakta underskriven, før Marselis reiste krav om fritaking for skatt, landskyld og anna besværing i verksgardane Olstad og Formo. Det var gilde gardar frå ein lokal synsstad. Marselis fekk det som han ville.

Straks Selius Marselis hadde fått hand om koparverket i Sel, kravde han kongen for mellom 2000 og 3000 riksdaler som han skulle ha til «ertz kul og ved» ved bergverka sine i Noreg. Dette dreia seg om eit ubetalt oppgjer etter ein våpenhandel. To år seinare laut kongen ut med tiendkopar frå Kvikne og Røros for meir enn 40 000 riksdaler til Marselis sin bror i Nederland. I Sel fekk kongen betale ut forpaktaren og be bergamtet om pengar til vidare drift da leigetida var ute og Marselis ikkje lenger var interessert i 1656. Snart var Selius Marselis bergamtråd og direktør for postvesenet i Norge. For kopar frå Gudbrandsdalen betalte han nå kongen 50 daler skippundet, fem daler mindre enn kongens eigen pris. Under krigen som på nytt var lyst mot svenskane, fekk kongen gå med lua i handa til pengefyrstane.

Av kopar vart det kanonar, kyrkjetak og kjelar. Forpaktarane var ute etter raske profittar i ei tid da metall var sterkt etterspurt, ikkje minst i samband med krigar og våpenproduksjon. Ein generell optimisme frå starten kan ha snudd til pessimisme og finansieringsproblem etter ei tid. Både først på 1650-talet og etter at Selius Marselis trekte seg ut i Gudbrandsdalen, måtte kongen sjå seg om for å finansiere vidare drift. Av rekneskapstala for koparverket i Sel kan det sjå ut som verksemda på 1660-talet var redusert til bortimot det halve samanlikna med forholda på 1640-talet.

Tolstadkvernberget – frå kongeleg pant i Amsterdam til bondegods i Vågå

Avdekte spor etter steinbryting i Tolstadkvernberget i Vågå (Foto: Ivar Teigum)I 1661 var garden Tolstad i Vågå ein del av jordegodset som kong Frederik III pantsette til forretningshuset Gabriel Marselis i Amsterdam. Garden var den største i prestegjeldet og var skyldsett til 7 huder. Da var det medrekna eit berg med granatglimmerskifer som i lang tid hadde forsynt ein stor omkrins med kvernstein. Leiglendingen på denne tida var Hans Pålsson Tolstad (1625–1695). Han høyrde til eliten blant bøndene.

Under Carl Gustav-krigen i 1658 samla futen i Gudbrandsdalen 516 bønder væpna med hellebardar og bondegevær. Styrken stod under kommando av to bondekapteinar, og av dei var Hans Tolstad frå Vågå den eine. Etter søknad fekk Hans for innsatsen fritak for skatt og landskyld på garden han bygsla. Etter at Gabriel Marselis døydde i 1673, var arvingane interesserte i å avhende jordeiga i det norske innlandet, og i Vågå var Pål Hansson på Tolstad den næraste til å kjøpe.

Tiendstein eller tredje kvar stein

I 1685 var Pål Tolstad såre nøgd med handelen han hadde gjort med familien Marselis. Det galdt både garden med ein stor skogeigedom og kvernberget. Presten i Vågå meinte året etter at fortenesta for kvernstein kunne liggje på 100 riksdaler, og 200 riksdaler i gode år. Ein føremon galdt bortfallet av tiendsteinen, den faste naturalavgifta til landherren. På den andre sida hadde tolstadmannen hatt godt betalt for denne pliktleveringa. Omgrepet tiendstein skulle ikkje forståast som kvar tiande stein. Tredje kvar stein var den leveransen som Marselis i samsvar med tradisjonen kravde som avgift av pantet. For dei leveringspliktige steinane skulle forpaktaren ha ein fast sum i betaling, 24 riksdaler, som svara til verdien av åtte kyr.

Marselis var ein aktiv eigar på Tolstad. I året 1673 går det fram at landherren berre ville betale 16 riksdalar for tiendsteinen. Han hevda at kvaliteten på dei innleverte steinane ikkje heldt kvalitetsmåla. Derfor kravde han nå erstatning i reide pengar av bonden på Tolstad, og eventuell utestenging frå berget av hoggarar som ikkje var villige til å betale leige. Etter at Pål Tolstad sjølv vart eigar av garden og kvernberget i 1685, opplyste han på tinget i Vågå at det nå stod att fire par pliktsteinar som ikkje var ferdig hogde frå tida som Tolstad var pantsett til kongens kreditor i Amsterdam. Den geografiske avstanden hadde vore eit godt kort på handa for tolstadmannen i forholdet til ein utilfreds landherre.

Som leiglending under kongen og sidan Marselis, og som militær og bondelensmann, stod bonden på Tolstad i ein posisjon imellom øvrigheit og bygdesamfunn. Kvernsteinberget låg midt i bygda, og der hadde det vore drift først og fremst til bate for dei næraste bygdene i fleire hundre år. Frå 1685 var altså Pål Tolstad eigar av kvernberget og mottakar av kvar tredje uthoggen kvernstein. Nå var inntektene av pliktleveringa borte, og det vart meir om å gjera å halde på innsatsen og avgiftene som sambygdingane representerte.

I 1677 sende fire bønder i Vågå ei klage til statthaldaren som galdt måten Hans Tolstad forvalta kvernberget på. Under rettsmøtet som følgde, vart bygselbrevet til Hans Tolstad frå 1651 framlagt. Under møtet, med grannar til vitne og representantar for alle partar til stades, vart dernest dei gamle rettane som tilkom bygdefolket stadfesta. Ansvaret til forpaktaren var å sjå til at den såkalla tiendsteinen kom landherren til gode, og elles vart han ved dette høvet pålagd å respektere hevdvunnen skikk.

I matrikkelen frå 1668 finn vi 93 kvernhus i Vågå prestegjeld med anneksa Sel og Heidal. Ved desse kvernene vart kornet male frå 209 gardsbruk. Ikkje alle kvernsteinane kom frå Tolstad. Men om så var, skulle om lag 45 steinpar, kvar tredje stein, i tillegg vera produserte og frakta til ein marknad som handelshuset Marselis hadde inntekta av.

I 1688 kjøpte Hans i namnet til ein yngre son, frigarden Tofte på Dovre av den seinare generalløytnanten Carsten Herman von Hausmann. Gjennom ekteskap og handel var far og son på Tolstad nå til saman gode for 20 huder jordeigedom. Sjølv under strenge landherrar hadde han greidd å bli ein av dei rikaste mennene i Gudbrandsdalen.

Norsk tekst Nederlandstalig English text