Peer Gynt-stemnets hefter

Frå 1968 og fram til 1984 gav stemnenemnda ut årlege hefte, der hovudinnhaldet var litteraturforedraget under siste års stemne. Dette var foredrag skrivne av fagfolk på nasjonalt plan. I tillegg hadde hefta dokumentasjonsverdi av siste års stemne med helsingar, foto og programoversyn. Framsida illusterte den lokale Per med ein e, og den som vart fotografert som den lokale Per i mange år var Hans Bindingstad frå Sør-Fron.

I åra 1984 til 1995 vart det ikkje gitt ut hefte, og foredraga frå Peer Gynt-stemnet er heller ikkje dokumentert, enda dei var av høg kvalitet og litteraturhistorisk interesse. Frå 1996 og fram til 2010 tok Peer Gynt-stemnet opp att tradisjonen med årlege dokumentasjonshefte, som kvart år vart gitt som gåve til frivillige og andre som takk for innsats på stemnet siste året. Etter 2010 og fram til 2017 vart ikkje heftet utgitt, og litteraturen fekk etter kvart ein svakare og mindre framskoten plass i stemneprogrammet.

Hefteforsidene