Pål Kluften – lokalpatriot og verdensmann

Pål KluftenDette er historia om husmannsguten som skapte Peer Gynt-stemnet. Pål Kluftens mangslungne kulturarbeid blir hugsa 73 år etter at han gjekk bort.

Bakgrunn

Seinhaustes, 16.november 1888, vart han fødd i eldhuset på Rusthage gard i Ruste. Det var i si tid garden til Anne Hov, «mor» til raudosten eller Gudbrandsdalsosten, som mange kallar han i dag. Foreldra, Marit Kluften og Iver Kongslibakken, var ugifte, og gutungen budde i hop med mor si. Ho døydde i 1900, og den morlause guten flytte til far sin og vart verande der til han kom opp i ungdomsåra. Faren var ei godt utrusta mann, og han hjelpte Pål til å koma seg opp og fram.

Kluften kom i typograflære frå 1905 og tok svennebrevet i Buskeruds Amtstidene i Drammen. Dato og år var 6.april 1909. I 1913 flytta Kluften attende til Gudbrandsdalen og fekk arbeid i trykkeriet til Johan Bertrand Narvesen i Ringebu. I 1929 fekk han handverksbrev i boktrykkarfaget og vart medeigar i Gudbrandsdalstrykkeriet i Ringebu. Seinare overtok han dette og dreiv det åleine fram til han døydde, berre 54 år gammal i 1942. I Nord-Fron er det er reist ein minnestein over Pål Kluften, og relieffet er laga av Dyre Vaa. Det syner musikaren, for det var som folkemusikksamlar, publisist og spelmann han vart kjent blant folk. I dag står minnesteinen over Pål Kluften i Palmerhagen i Vinstra sentrum og syner Kluften med fela i hendene. Han ser mot Ruste i Nord-Fron, der han vart fødd.

Pål Kluften var i mangt framom si tid, idealistisk innstilt og hadde ei politisk haldning i det han gjorde. Folkeopplysningstanken var svært viktig for han, og han vart tidleg politisk bevisst på venstresida i det politiske landskapet. Han spara seg ikkje i det han gjekk inn for og måtte stå for. Slik sett vart han ein tydeleg og synleg mann i si tid. Kluften hadde ein svært god penn med ei frodig poetisk åre.

Pål Kluften, segner og Peer Gynt-stemnet

I 1928 stilte han seg i spissen for ein brei folkeleg fest knytt til ein historisk Per Gynt i Nord-Fron. Kluften hadde forståing for symbolske markeringar og stoppepunkt i tida, og han kjende godt til medielivets spelereglar. 1928 var 100- årsminnet for Ibsens fødsel. Fire år etter, i 1932, stod forfattaren og vennen Johan Bojer og heldt tale på Sødorp kyrkjegard ved avdukinga av ein gravstein med påskrifta Per Gynt.

Ibsen budde på Stor-Lunde i Ruste i 1862 på veg attende til Christiania frå Vestlandet.Ibsens plan var å samle segner, men utbyttet var magert den gongen. Segnene levde i folketradisjonen, slik dei vart nedskrive av Per Thorsen Aasmundstad (1839-1920) i Nord-Fron og i 1873 og 1877 og publisert langt seinare, i Syn og Segn i 1903.

Det andre Per Gynt-stemnet skulle vera eit 200-årsminne til fødeåret for Per Olson Hågå. I dette arbeidet støtta han seg også på Henrik Ibsens ord til forlagssjef Hegel i København, datert 8.august 1867: Hvis det kan interessere Dem at vide, saa er Peer Gynt en virkelig Person, der har levet i Gudbrandsdalen, rimeligvis i Slutningen af forrige eller i Begyndelsen af dette Aarhundrede. Hans Navn er endnu godt kjendt blandt Almuen deroppe, men om hans Bedrifter ved man nok ikke synderlig mer, end hvad der findes i Asbjørnsens «Norske Huldreeventyr» (i Stykket: «Højfjeldsbilleder».)

Pål Kluften var overtydd om at den historiske Per levde frå 1732 til 1785, og Ibsen skreiv at han levde i Slutningen af forrige eller i Begyndelsen af dette Aarhundrede. Seinare forsking tyder på at fleire av segnene om den lokale Per er knytt til Per (Peder) Lauritsen Hage, som døydde i 1665.

Kluftens breie virke

Pål Kluften arbeidde på mange felt i det lokale kulturlivet. Han var fotograf, boktrykkjar, bygdespelemann, konsertspelemann, diktar, lokalhistorikar, journalist. Han spelte inn lokale slåttar på plate alt i 1929, som den fyrste i Gudbrandsdalen.

Pål Kluften skreiv fleire humoristiske viser og bygdesongar. I vår tid er dette allment stoff. Den meste kjende visa er kanskje visa om «Hans og hånån». Kluften gjorde også mykje for kor og korsongen i Gudbrandsdalen. Han stifta og dirigerte fleire kor.

I ordskifte og avisdebattar var han skarp og uredd, og autoritetar hadde han ikkje overdriven respekt for. Eit levande språk på dialektfarga nynorsk låg til grunn for det beste han skreiv, men han skreiv også på riksmål, om det var tenleg for den saka han ville ha fram. Han var ein uvanleg allsidig og breitt utrusta kar, og ein viktig kulturambassadør for Gudbrandsdalen og dølane. Han hadde open spalteplass i dei største avisene i landet. I mellomkrigstida fekk noteoppskrifter av feleslåttar med Kluftens kommentar plass på fyrstesidene!

Sluttord om Peer Gynt-stemnet og Pål Kluften

I dag er Peer Gynt-stemnet eit kulturelt-økonomisk heilårsarbeid som gir fleire arbeidsplassar og sterk lokal identitet for mange menneske. Bakgrunnen og ideologien for Peer Gynt-stemnet, sett i eit større historisk perspektiv, ligg i tankane og arbeidet til gudbrandsdalsidealisten og kulturmennesket Pål Kluften. Han sette livstru og humør i så mang ei sjel både i si samtid og i ettertid. For den som vil vite meir om Pål Kluften, er boka til Per Ottesen: Pål Kluften den rette boka å lesa. (Krøkla forlag, 2002)

Rasmus Stauri