Idégrunnlaget og dei spede teaterforsøka

Bakgrunn for Peer Gynt-stemnetradisjonen

Nemnda i arbeid, 1970. Frå venstre: Svend Kloster Jensen, Jens Sundt, Are Stauri, Johan Storm Munch, Hans Petter Kleiven, Øystein Hagelien, Per Viker, Jon Lunke. (Foto: PG-arkiv) Historia om Peer Gynt-stemnet i etterkrigstid tok til i 1967. I mellomkrigstida stod stemnegrunnleggjaren Pål Kluften (1888–1942) i spissen for to stemne, det fyrste i 1928, 100 år etter Ibsens fødeår og det andre i 1932, 200 år etter fødeåret til Peder Olsson Hage. Kluften meinte at han var den historiske Per Gynt på Hågå. Seinare gransking peiker på ein Peder Lauritsen Hage som den sentrale personen. Det er elles mange myter rundt opphavet til Ibsens Peer Gynt.

Sentralt i det fyrste Per Gynt-stemnet frå 1928 var utdrag frå Ibsens tidlege forfattarskap, «Hærmændene på Helgeland» (1858) og «Peer Gynt» (1867). På stemnet fire år seinare i 1932 vart den lokale Per Gynt-tradisjonen vektlagt.

Teater på Peer Gynt-stemnet i lengdesnitt

Tanken om å framføre «Peer Gynt» i friluft går attende til 1920-åra. Før den store teatersatsinga ved Gålåvatnet frå 1989 vart fleire scener frå Ibsens dramatiske dikt vist fram under Peer Gynt-stemnet. Sidan 1989 er derimot teatret ved Gålåvatnet hovudattraksjonen og drivkrafta både økonomisk og for stemneprofilen i det store og heile. Vegen fram mot dagens teatersuksess ved Gålåvatnet kan i hovudsak delast i tre bolkar:

  • tanken blir fødd
  • dei spede forsøka frå 1967
  • «Peer Gynt ved Gålåvatnet» frå 1989

Tanken blir fødd

Framfor det fyrste stemnet i 1928 skreiv Pål Kluften ei førehandsmelding i Tidens Tegn at «Idéen med Peer Gynt-stevner på Vinstra skriver seg egentlig fra den tyske forfatteren Max Raebel, som vilde gjøre Vinstra til et norsk Obermannergau.» Det ville vere ein god tanke, skreiv Raebel, å oppføre Peer Gynt og kanskje andre Ibsen-verk på eit naturteater, eller i ein teaterbygning.

Ein ting er tankar, ein annan er praktisk gjennomføringskraft. Bygdehistorikar, spelmann og folketonesamlar Pål Kluften hadde idealismen og det praktiske grepet og må reknast som grunnleggjaren av Peer Gynt-stemnet. Ragnar Øvrelid skriv elles utførleg om dei fyrste Peer Gynt-stemna i jubileumsboka si frå 2003, (Per Gynt-stemnet 1928–2003 s. 12,13). På stemnet i 1928 og 1932 var teater viktig. Lektor og historikar Ragnar Øvrelid skriv om idégrunnlaget og målet for stemna i 1967 og for seinare år. Han vektlegg:

Ibsens Peer og bygda (eller dalens) Per, profesjonelle kunstnarar og lokale krefter, drama og musikk saman med folkeopplysning, og eit stort oppbod av frivillig innsats på alle felt.

Stemnemottoet frå 1967 var:

Nord-Fron fostra den historiske Per Gynt, som lever vidare i Gudbrandsdalskulturen. Henrik Ibsens litterære Peer Gynt er kjend verda over. Ideen bak Per Gynt-stemnet på Vinstra i august er eit møte mellom Per og Peer.

Idégrunnlaget og dei spede teaterforsøka

I 1967 og i fleire år framover var det ei sjølvoppnemnd idealistgruppe med skulefolk, reiselivsfolk og ein økonom i arrangørnemnda. I den fyrste nemnda frå 1967 sat folkehøgskulerektor Are Stauri, reiselivssjef Hans Petter Kleiven og Ivar Blekastad frå reiselivslaget, lektor Johan Storm Munch og økonom Øystein Hagelien, som fekk ansvaret for pengane.

Reiselivet i distriktet var såleis ikkje åleine om å tenkje på eit nytt Per Gynt-stemne. Skulestyrar Paal Kleiven frå Nord-Fron interesserte seg sterkt for den lokale Per Gynt-tradisjonen. Folkehøgskulerektor Are Stauri gjorde det same og forma ut tankane om eit møte mellom «Per og Peer» som eit grunnlag for eit nytt, framtidig stemne, (jf. etterord i heftet frå Per Gynt-stemnet, 1968). «Det er klart at skal desse årvisse stemnene ha noen verkeleg verdi, må ein i fyrste rekke ta sikte på å knyte dei bygdehistoriske og dei litterære emne saman.» Han skreiv i 1970: «All nasjonal kunst er dårleg, men all god kunst er nasjonal.» Det var viktig å utvide perspektivet utover det «dovriske nok». I denne samanhengen vart det litterære sterkt vektlagt, både Ibsens verk og litteratur om verket og det lokalt litterære.

Derfor vart det også nødvendig og rett å prøve seg fram med å setja i scene nokre utdrag frå Ibsens «Peer Gynt», og dette vart gjort i fleire år med lokale amatørar i hovudrollene.

Odd Kjorstad som Per Gynt i Sødorpfjellet, 1971. (Foto: PG-arkiv)Møte mellom Peer og den grønnkledde, Jørn Engen og Kari Bay Haugen. (Foto: Ukjent) Inne på Sødorpfjellet i 1967 vart dei fyrste scenene vist fram for eit større publikum. Ei sentral scene var møtet med «den grønnkledde» og Peer. Kari Bay Haugen spelte «den grønkledde» og folkehøgskuleeleven Jørn Engen frå Lesja fekk rolla som Peer. Dei spelte innpå Sødorpfjellet med Rondane som bakgrunnskulisse. Tilrettelegging av tekst, instruksjonen og regien var det Are Stauri som hadde. Fleire scener var innøvd til seinare stemne, og det var viktig å ha lokale amatørar i dei sentrale rollene. I fleire år spelte lektor Svend Kloster Jensen Peer og Arnhild Skurdal frå Sør-Fron var Mor Åse. Ingrid Skurdal frå Nord-Fron spelte også Ingrid i hop med den same Svend Kloster Jensen innpå Sødorpfjellet. Ingrid Os frå Nord-Fron og andre lokale amatørar var også seterjenter. Dette slo godt an hos eit større lokalt publikum.

Stemnet tok i vare den lokale Per-tradisjonen på ein framifrå måte ved at Odd Kjorstad i fleire år skreiv sin eigen prolog som han framførte på Fryvollen under seterstemnet på avslutningsdagen. Kjorstad og fleire andre frå lokalsamfunnet skapte liv i fleire av segnene som ligg i den lokale Per Gynt-tradisjonen og dei framførte desse langsetter Per Gynt-seterveg på avslutningsdagen under seterstemnet søndag. Per møtte huldra ved Avstjønna og på Brurbenken lenger inne på fjellet møtte han dei underjordiske. Desse tablåa gjorde stor lykke og folk frå lokalmiljøet fekk prøve seg som skodespelarar – med stort hell.

Bukkerittet framført på Hågå. (Foto: PG-arkiv) I 1970 valde ein å flytte opningsscena i Peer Gynt til bakkehellinga på Per Gynt-garden Hågå i Nord-Fron, der dette bildet er teke. Førgildetreffet i Harildstadstugu markerte opninga på stemnet den gongen, og da var det naturleg med eit sceneopptrinn frå Peer Gynt. Are Stauri var instruktør og sufflør, og Svend Kloster Jensen spelte Peer og Arnhild Skurdal Mor Åse. Ho spelte eit seinare år mot den profesjonelle skodespelaren Alf Malland i den same scena på Hågå.

Foto frå Gudbrandsdalsspelet. (Foto: PG-arkiv)Etter at Are Stauri gjekk bort i 1972, vart det ikkje sett opp fleire scener frå Peer Gynt under stemnet, men ei storsatsing vart Gudbrandsdalsspelet på 1980-talet, der mange amatørar frå heile Gudbrandsdalen deltok. Det var forfattaren Vegard Vigerust som skreiv manus og spelet viste fram viktige hendingar i Gudbrandsdalens historie. Øivind Bergh dirigerte eit større amatatørorkester samansett av ulike utøvarar frå heile dalen og uteamfien Koja i Nord-Fron var arena akkurat som under dei fyrste Per Gynt-stemna i mellomkrigstida.

Rasmus Stauri