Norsk Barneblad og Jens R. Nilssen – A-00626

Kjenner du Smørbukk? Den vesle runde guten med den raude gensaren, den kjappe replikken og med ei eiga evne til å råkå ut for eventyr?

Utsnitt av ei framside på eit julehefte teikna av Jens R. NilssenVisste du at det var Jens R. Nilssen som fyrste gong teikna Smørbukk i 1938, medan Andreas Haavoll stod for teksta, frå 1940 Øyvind Dybvad? Den raude genseren fekk Smørbukk i 1950-åra. Teikneserien om Smørbukk har gått i Norsk Barneblad og i eigne julehefter sidan 1938 og er den eldste norske teikneserien som framleis er like gjeldande og som stadig kjem i nye striper.

Jens R. Nilssen var ein av pionerane i norsk teikneseriehistorie. Han teikna fleire kjente seriar som Haukepatruljen, Vangsgutane, Tuss og Troll, Peik og Bamsemann i Småland. Smørbukk teikna han fram til 1959. Då tok Solveig Muren Sanden over som teiknar og heldt fram til 1983. I dag er det Håkon Aasnes som formgjev Smørbukk, og det har han gjort sidan 1983.

Det er fleire som har skreve tekst til Smørbukk, nokon berre til eit julehefte eller historie, andre i fleire år: Anders Haavoll, Øyvind Dybvad, Johannes Farestveit, Sigbjørn Heie, Jostein Krokvik, Olav Norheim, Halvor Kleppen, Lorns Mørkved, Håkon Aasnes, Ingvar Moe, Gard og Velle Espeland.

I samlinga til Norsk Tegneseriesamling Maihaugen finn du originale teikningar frå fleire av dei norske serieskaparane. Av Smørbukk finn du framsider frå julehefta som er teikna av Jens R. Nilssen og Solveig Muren Sanden. Sjølve Smørbukk-seriane finn du frå alle dei tre teiknarane.

Norsk Tekneseriesamling Maihaugen starta opp i 1993 og gjekk som eit prosjekt med ein prosjektmedarbeidar fram til 1997. Det vart laga utstillingar, mellom anna "Smørbukk-kjærlighet og Donald-karameller" som gjekk som ei vandreutstilling på bibliotek rundt i landet fram til 1999. Målet er å sikra at norske teikneseriar ikkje går tapt for ettertida, og sikra at originale tekningar kan nyttast i utstillingar eller anna etter at serieskaparen er falle bort. Teikneseriar er ein kulturarv og eit viktig bidrag i ein litteratur- og kunsthistorisk samanheng.

Sidan 1998 har ikkje Norsk Tegneseriesamling Maihaugen hatt fast medarbeidar, men Maihaugen tek imot og sikrar norske seriar, både originale teikningar og i trykt hefteform. Har du teikningar eller hefte liggjande, ta gjerne kontakt med oss.